DY «Meteor»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
DY Meteor i Trondheim fra Galleri NOR.jpg
DY «Meteor» i 1906
Foto: Anders Beer Wilse
Karriere Flag of Germany (1867–1919).svg Det tyske riket
Namn: DY «Meteor»
Eigar: Hamburger-Amerikanische Paketvart A/G
Verft: Blohm & Voss A/G, Hamburg, Tyskland
Verftsnummer: 170
Jomfrutur: mai 1904
Heimehamn: Hamburg
Kjennemerke: LCTO - LCQF
Generelle mål
Type: Cruiseyacht
Tonnasje: 3 718 brt, 1 883 nrt
Daudvekt: 1 500 tdw.
Lengd: 346,2 fot (105,5 m)
Breidd: 44,3 fot (13,5 m)
Djupgang: 26,4 fot (8,0 m)
Installert effekt : NHK 335 IHK 1550
Framdrift: 2 Triple ekspansjon dampmaskinar (Blohm & Voss)
Fart: 12 knop
Passasjerar: 1904: 250
1940: 205 passasjerar
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Meteor»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Mars 1921 for 1,3 mill. kr
Heimehamn: Bergen
Lagnad: Bombardert av sovjetisk fly 1945

DY «Meteor» (kallesignal LCTO / LCQF) var et turistskip bygd for det tyske reiarlaget Hamburger-Amerikanische Paketvart AG (ofte forkorta til HAPAG) i 1904. Skipet var byggnummer 170 ved det tyske verftet Blohm & Voss AG i Hamburg. I 1914 vart skipet rekvirert av den keisarlege marinen i samband med første verdenskrigen. I 1919 vart DY «Meteor» tatt som krigsbytte av Storbritannia. I 1921 kjøpte Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) skipet, og sette henne inn i cruisetrafikk. I 1940 vart skipet rekvirert av den tyske okkupasjonsmakta og ominnreidd til hospitalskip. I mars 1945 vart ho søkkt av sovjetiske fly.

Historie[endre | endre wikiteksten]

DY «Meteor» i Geirangerfjorden i 1921.
Foto: Anders Beer Wilse

DY «Meteor» vart bygd for å gå i cruisetrafikk langs norskekysten, og etter overleveringa i mai 1904 vart skipet sett inn i turisttrafikk. Etter utbrotet av første verdskrigen i 1914, vart skipet rekvirert av den keisarlege tyske marinen, og nytta som losji-skip. I 1919 vart ho teke som krigsbytte av Storbritannia og underlagt The Shipping Controller og brukt av Royal Mail Packet Co.Ltd i London. I mars 1921 vart DY «Meteor» kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab, men vart registrert under H.J. Jewell i London. I juni 1922 vart skipet registrert i Noreg med Bergen som heimehamn. Kjøpesummen var 1,3 millionar kroner. I sommarmånadene gjekk DY «Meteor» på cruise langs norskekysten, og sommaren 1930 segla ho saman med den andre turistyachten til BDS, MY «Stella Polaris» til Island i høve tusenårsjubileet i landet.[1] I 1935 vart skipet oppgradert med betre lugarar, ny damesalong og forbetring av maskineriet. I 1939 fekk ho ny radio.

Under det tyske åtaket på Noreg i april 1940, låg DY «Meteor» i Bergen. 27. april 1940 vart skipet beslaglagt av den tyske okkupasjonsmakta og ominreidd til hospitalsskip. Ombygginga førde til at mykje av innreiinga vart øydelagt då det vart gjort plass til sjukesalar. DY «Meteor» tenestegjorde i Austersjøen, men hadde norsk mannskap. I mars 1942 vart ho omdøypt «Rostock». To månader seinare vart ho igjen omdøypt, denne gongen til «Meteor II». 9. mars 1945 vart ho søkkt av sovjetiske fly ved Pillau (noverande Baltijsk i Russland), på trass av at ho var merkt som hospitalsskip. 24 menneske omkom, fire av dei var nordmenn.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen på DY «Meteor» var ved levering 3 718 bruttoregistertonn, 1 883 nettoregistertonn, og lasteevna var 1 500 dødvekttonn. Framdrifta bestod av to trippel ekspansjon dampmaskiner som dreiv kvar sin propell, og som hadde kvar sin kolfyrte kjele. Oppgjeven yting var 1 550 ihk (indikerte hestekrefter) og 235 nhk (nominelle hestekrefter) for kvar av dampmaskinene, noko som gav ein toppfart på 12 knop.[2] Ved levering var passasjerkapasiteten 250. Etter ombygginga i 1935 var passasjerkapasiteten redusert til 205, men til gjengjeld hadde alle lugarane no fått innlagt kaldt og varmt vatn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • «D/S Meteor». Lillesand sjømannsforening. Henta 18. januar 2019. 
  • Warsailors.com – Norwegian Homefleet – WW II (engelsk) Vitja 31. januar 2009