D mol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
D mol
ESC2019 - Montenegro.jpg
Aktiv2018–
Sjangerpop

D mol, òg skrive D-moll[1], er eit montenegrinsk vokalensemble, beståande av Tamara Vujačić, Mirela Ljumić, Ivana Obradović, Rizo Feratović, Željko Vukčević og Emela Franca. Gruppa vart kjend i Montenegro i februar 2019, då ho vann den nasjonale songtevlinga Montevizija med songen «Heaven». Gruppa representerte Montenegro i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

D-moll vart sett saman i 2018 av musikaren Daniejl Alibabić. Han representerte Serbia og Montenegro i Eurovision Song Contest 2005 som del av gruppa No Name.

18. desember 2018 kunngjorde kringkastaren RTCG at D-Moll var ein av deltakarane til Montevizija 2019, det montenegrinske uttakinga til Eurovision Song Contest. Gruppa framførte bidraget «Heaven», opphavleg kalla «Ti», i finalen laurdag 9. februar 2019.[2] Der vann ho superfinalen med 68 prosent av telefonrøystene, og fekk dimed representere Montenegro i Eurovision Song Contest i Israel i mai.[3] Gruppa enda på 16. plass i den fyrste semfinalen tysdag 14. mai og var dimed ikkje kvalifisert til finalen laurdag 18. mai.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. rtcg.me. «"D mol" ide na Eurosong» (på me). Henta 12. februar 2019. 
  2. 2,0 2,1 «D-Moll to represent Montenegro in Tel Aviv with 'Heaven'». Henta 12. februar 2019. 
  3. «D-Moll win Montenegro's Montevizija 2019 with "Heaven"» (på engelsk). 9. februar 2019. Henta 12. februar 2019. 
  4. «First Semi-Final: 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». 14. mai 2019. Henta 15. mai 2019.