Daði Freyr Pétursson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Daði Freyr Pétursson
Fødd30. juni 1992 (29 år)
FødestadReykjavík
OpphavIsland
Aktiv2012–
Sjangerpop
Verka somsongar, låtskrivar

Daði Freyr Pétursson (fødd 1992), kjend som Daði Freyr eller berre Daði, er ein islandsk songar og låtskrivar, busett i Berlin i Tyskland. Han er særleg kjend som frontfigur og hovudvokalist i bandet Gagnamagnið. Bandet vann den islandske tevlinga Söngvakeppnin 2020 med songen «Think About Things» og skulle ha representert Island i Eurovision Song Contest 2020. 18. mars 2020 avlyste EBU tevlinga på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1] I staden skal Pétursson og Gagnamagnið representere Island i Eurovision Song Contest 2021.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Daði vart fødd i Reykjavík, men familien budde sidan i Danmark fram til han var ni år. Då flytta familien tilbake til Island og busette seg i Suðurland, fyrst i Laugaland og sidan i Ásahreppur. Daði gjekk ut frå Fjölbrautaskóla Suðurlands i 2012 og tok sidan ein bachelorgrad i musikk- og ljodproduksjon i Berlin i 2017.[2]

Som ungdom spelte Daði trommar, piano og bassgitar. Han var med i bandet RetRoBot, saman med songaren Gunnlaug Bjarnason og gitaristen Guðmundur Einar Vilbergsson, som han møtte på Fjölbrautaskóla Suðurlands. I 2012 vann RetRoBot den islandske musikktevlinga Músíktilraunir, som er ei musikktevling for nye artistar, og Daði vart kåra til årets elektromusikar på Island.[3] RetRoBot gav ut eitt album, Blackout, året etter.

I 2014 flytta Daði til Berlin, der han byrja å studere musikk- og ljodproduksjon ved dBs Music. Same året byrja han å gje ut musikk under artistnamnet Mixophrygian, og i 2015 gav han ut albumet Forever.

I 2017 deltok Daði og bandet hans Gagnamagnið i Söngvakeppnin, den islandske versjonen av Melodi Grand Prix, med songen «Hvað með það?» («Is this love?»). Bandet hamna på andreplass, bak Svala Björgvinsdóttir.[4] Daði og bandet deltok på nytt i 2020 med songen «Think About Things».[5] Denne gongen vann dei, og bandet skulle representere Island i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. På grunn av koronavirusutbrotet vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse tevlinga. Dette vart gjort for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19 i Europa.[6]

I oktober 2020 kunngjorde den islandske kringkastaren RÚV at Daði og Gagnamagnið skulle representere Island i Eurovision Song Contest i 2021.[7]

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Daði Freyr er gift med musikaren Árnýja Fjóla Ásmundsdóttir (som òg er med i Gagnamagnið). Dei har éi dotter, fødd i 2019.[8]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  2. «Daði Freyr ætlar ekki að flytja aftur til Íslands á næstunni» (på islandsk). 24. april 2017. Henta 1. mars 2020. 
  3. inporter (8. mai 2013). «Hljómsveitin RetRoBot frá Selfossi sigraði Músíktilraunir 2012» (på islandsk). Henta 1. mars 2020. 
  4. «Svala fulltrúi Íslands» (på islandsk). Henta 1. mars 2020. 
  5. «Daði Freyr snýr aftur í Söngvakeppnina» (på islandsk). Henta 1. mars 2020. 
  6. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  7. «Daði og Gagnamagnið return for Iceland» (på engelsk). 23. oktober 2020. Henta 23. oktober 2020. 
  8. «Daði Freyr og Árný Fjóla eignast stúlkubarn - Vísir». Henta 1. mars 2020.