Da Vinci-koden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Da Vinci-koden (engelsk originaltittel The Da Vinci Code) er ein spenningsroman skriven av Dan Brown inspirert av boka hellig blod, hellig gral av Michael Baigent og Henry Lincoln. Da Vinci-koden vart utgjeven i 2003. Då boka kom ut fekk ho blanda kritikkar, men ho blei etter kvart ein verdssuksess som er blitt seld i over 60,5 millionar eksemplar (mai 2006) og omsett til 44 språk.

Dette er den andre boka der Robert Langdon dukkar opp, og var den fyrste boka av Brown som vart utgjeven på norsk. Englar og demonar heitte fyrste boka. Seinare kom det tapte symbolet og inferno, som er andre bøker om Robert Langdon. Den digitale festning og iskaldt bedrag er romanar av Dan Brown der Robert Langdon ikkje er med.

Boka førte til, at det vart gjeve ut ei mengd med kommentarlitteratur om tema frå boka, og ho inspirerte mange forfattarar til å skrive romanar med konspirasjonsteoriar i åra etterpå. Tom Egeland og Gert Nygårdshaug er norske forfattarar, som skriv denne typen spenningslitteratur. Sirkelens ende av Tom Egeland er ein roman av denne typen, som kom ut før Dan Brown sin Da Vinci-koden.

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg vart boka gjeven ut for fyrste gong i 2004 på Bazar Forlag i Peter A.Lorentzen, som òg gav ut ei illustrert praktugåve.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Robert Langdon, ein kunsthistorikar og symbolog, er i Paris for å halde eit foredrag ved det amerikanske universitetet. Samstundes har han fått ein invitasjon til samtale av sin franske fagkollega Jacques Saunière, tilsett som kurator ved museet i Louvre. Før han rekk å treffe Saunière får Langdon meldinga om at franskmannen er drepen. Ettersom Saunière i dødskampen har skrive ei melding som referer til Langdon, vert mordmistanka retta mot han. Saman med Sophie Neveu, ein kryptolog i politiet og barnebarn/fosterbarn av Saunière, startar ei jakt på den heilage gralen saman med ei intens flukt frå Paris-politiet. Flukta endar i England, der Sophie Neveu etter kvart får vita hva som skjedde med familien sin, som ho var blitt fortald var blitt drepne i eintrafikkulykke.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Bokmeldingar