Daan de Lange

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Daan de Lange
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. august 1915
Nederland
Død

29. mai 1988 (72 år)
Hamar kommune

Idrett fotball, sjakk
Tok del i

Sjakk-OL 1960, Sjakk-OL 1966, Sjakk-OL 1968, Sjakk-OL 1970

Daan de Lange (4. august 191529. mai 1988) var ein nederlandsk-norsk musikar og sjakkspelar. Han vart noregsmeister i sjakk i 1960.[1] Han deltok på det norske laget i sjakk-OL (lag-VM i sjakk) i 1960, 1966, 1968 og 1970.[2]

Daan de Lange var fødd og oppvaksen i Nederland, men flykta frå landet under den tyske invasjonen av Nederland i 1940. Han var krigsåra i England, der han mellom anna reiste rundt og spelte for amerikanske styrkar. Han kom til Noreg på midten av 1950-talet. Han bodde først i Stavanger og seinare på Hamar, der han mellom anna arbeidde som pianist.[3]

Daan de Lange var i sine yngre år fotballproff i Ajax.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Øystein Brekke: Norske sjakktrekk. Norges Sjakkforbund 100 år 1914-2014. Norges Sjakkforbund 2014, ISBN 978-82-991916-2-3
Fotnotar
  1. Brekke 2014 s. 295
  2. Olimpbase, lesedato 28. august 2015
  3. Brekke 2014 s. 164

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]