Dachau konsentrasjonsleir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hovudporten like etter frigjeringa i 1945
Fangebrakker, foto teke av amerikanske soldatar i 1945
Flyfoto av konsentrasjonsleiren

Dachau konsentrasjonsleir ved byen Dachau nordvest om München var den første konsentrasjonsleiren i Tyskland. Leiren blei opna 21. mars 1933 og danna mønster for alle seinare nazistiske konsentrasjonsleirar. Trass i at Dachau ikkje var utryddingsleir blei minst 30 000 fangar skotne, eller dei døydde som følgje av forholda i leiren. Saman med konsentrasjons- og utryddingsleiren Auschwitz har Dachau blitt dei fremste symbola på Nazi-Tysklands konsentrasjonsleirar.

Leirsoga[endre | endre wikiteksten]

Både den grunnleggjande organisasjonsforma, leirordenen og bygningsmassen blei utforma av kommandanten Theodor Eicke.

Den første tida blei leiren brukt til å sperre inne politiske fangar, framfor alt kommunistar og sosialdemokratar, fagforeiningsmedlemer, men også enkelte liberale og konservative politikarar. Den nazistiske terrorpolitikken fekk etter kvart konsekvensar for stadig fleire grupper i befolkninga, så seinare i 1930-åra blei også sigøynarar, jødar, Jehovas vitne, homofile og kriminelle sende til Dachau. Dachau var elles ein sentralleir for fangar frå kyrkje og kristendom. Det fanst eigne brakker for prestar, der mellom andre Karl Leisner og Martin Niemöller var internert.

Etter Krystallnatta i 1938 blei 10 000 jødar sende til leiren, dei fleste blei likevel sleppte ut att på vilkår av at dei skulle fare frå Tyskland. Då Heinrich Himmler 5. oktober 1942 gav ordre om å gjere alle konsentrasjonsleirar i Tyskland «jødefrie», blei jødane i Dachau deporterte til utryddingsleiren Auschwitz.

Utover i krigsåra begynte systematiske massemord i Dachau. Frå oktober 1941 blei sovjetiske krigsfangar deporterte til leiren og skotne. I januar 1942 førte SS til saman rundt 3 000 «invalide» fangar til slottet Hartheim ved Linz der dei blei gassa i hel. Frå same vinteren 1942 begynte grufulle medisinske eksperiment i leiren.

Den 26. april 1945 vart 7 000 fangar tvinga til å marsjere frå Dachau mot sør i Tyskland. 28. april forlet SS-vaktstyrkane konsentrasjonsleiren og dagen etter tok USA-amerikanske styrkar kontroll over leiren og sette fri rundt 30 000 fangar.

Til saman sat over 200 000 fangar frå meir enn 50 statar i Dachau. Vel 30 000 drap er registrerte, fleire tusen andre dødsfall blir rekna for sikre drap, spesielt etter utbrotet av ein tyfusepidemi i 1945 og den påfølgjande evakueringsmarsjen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dachau konsentrasjonsleir

Kjelde[endre | endre wikiteksten]