Hopp til innhald

Dactylorhiza majalis ssp. integrata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dactylorhiza majalis ssp. integrata


Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Dactylorhiza
Art: D. majalis
Vitskapleg namn
Dactylorhiza majalis ssp. integrata
(E.G. Camus) H.A. Pedersen
Økologi
Utbreiing: Nordvest-Europa

Dactylorhiza majalis ssp. integrata er ei plante i marihandslekta Dactylorhizaorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Han veks ikkje i Noreg.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Dactylorhiza majalis ssp. integrata høyrer til kongsmarihand-gruppa D. majalis. Heile gruppa er tetraploid og har truleg kome til ved hybridisering mellom dei to diploide plantene engmarihand (D. incarnata) og skogmarihand (D. maculata ssp. fuchsii), kopla med dobling av kromosomtalet.[1]

I Gyldendals store nordiske flora er Dactylorhiza majalis ssp. integrata ført opp med det norske namnet stormarihand.[2] Hedrén mfl. (2012) seier at dette er den same orkideen som Artsdatabanken kallar stormarihand med det vitskaplege namnet Dactylorhiza praetermissa, og som er registrert med eit omdiskutert funn på Stadlandet,[3][4] eit funn som blir avvist av Hedrén.[1] Den same orkideen er av andre kjelder kalla D. majalis ssp. praetermissa.

I Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean (2019) er artsnamnet D. praetermissa (og dermed òg underartsnamnet D. majalis ssp. praetermissa) avvist og ført opp som synonym for D. majalis ssp. integrata.[5] Omvendt handsamar WFO – The World Flora Online og Plants of the World Online D. majalis ssp. integrata som eit synonymnamn for D. majalis ssp. praetermissa.[6][7]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Denne orkideen blir rekna som sårbar (VU) i Sverige[8] og livskraftig i Danmark (LC).[9] Det svenske namnet er englandsnycklar og det danske er priklæbet gøgeurt.

I den svenske Artfakta og den danske Naturbasen er det òg oppgitt ein varietet:

  • Dactylorhiza majalis ssp. integrata var. junialis (i Sverige ikkje raudlistevurdert, i Danmark LC), svensk namn leopardnyklar, dansk namn ringplettet gøgeurt[10][11]

Hybridar[endre | endre wikiteksten]

Det er registrert hybridar med grasmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × majalis ssp. integrata) i Danmark.[12] Der er det òg registrert nokre funn av hybriden med nominatunderarten av kongsmarihand (Dactylorhiza majalis ssp. integrata var. integrata × Dactylorhiza majalis ssp. majalis).[13]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Genetisk variasjon og taksonomi i gruppa blir handsama i:
    Mikael Hedrén mfl. (2012). «Systematisk position av några norska Dactylorhiza-former» (PDF). Blyttia 70 (3): 139–155. ISSN 0006-5269. 
  2. Bo Mossberg og Lennart Stenberg (2018). Gyldendals store nordiske flora. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag. s. 117. ISBN 978-82-05-51139-2. 
  3. «Artsdatabanken: Artsopplysningar stormarihand». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022. 
  4. «Artskart: Stormarihand». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022. 
  5. Rolf Kühn, Henrik Æ. Pedersen, Philip Cribb (2019). Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean. London: Kew Publishing. ISBN 978-1-84246-669-8. 
  6. «Dactylorhiza majalis subsp. praetermissa», World Flora Online, henta 19. februar 2023 
  7. «PoWO: Dactylorhiza majalis subsp. integrata». Plants of the World Online. Henta 8. september 2023. 
  8. «Artfakta: Dactylorhiza majalis subsp. integrata englandsnycklar». Artdatabanken. Henta 24. februar 2022. 
  9. «Naturbasen: Priklæbet Gøgeurt Dactylorhiza majalis ssp. integrata». Naturbasen. Henta 24. februar 2022. 
  10. «Artfakta: Dactylorhiza majalis var. junialis leopardnycklar». Artdatabanken. Henta 21. desember 2023. 
  11. «Naturbasen: Ringplettet Gøgeurt Dactylorhiza majalis ssp. integrata var. junialis». Naturbasen. Henta 7. mars 2022. 
  12. Henrik Ærenlund Pedersen og Niels Faurholdt (2010). Danmarks vilde orkidéer. København: Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag. s. 69–77. ISBN 978-87-02-06386-8. 
  13. «Naturbasen: Ringplettet Gøgeurt × Maj-Gøgeurt Dactylorhiza majalis ssp. integrata var. integrata × Dactylorhiza majalis ssp. majalis». Naturbasen. Henta 5. mars 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]