Daddy's Home

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Daddy's Home
av Shep and the Limelites
B-side

«This I Know»

Språk engelsk
Utgjeve Mars 1961
Sjanger R&B
Lengd 2:47
Selskap Hull
Låtskrivar(ar) James «Shep» Sheppard, Clarence Bassett, Charles Baskerville
Shep and the Limelites-kronologi 
«I'm So Lonely»
(1961)
Daddy's Home «Ready for Your Love»
(1961)


«Daddy's Home» er ein kjend song av den USA-amerikanske doo-wop-gruppa Shep and the Limelites. Songen vart skriven av ei tre medlemmane i bandet, James «Shep» Sheppard, Clarence Bassett og Charles Baskerville. Gruppa spelte inn originalversjonen av «Daddy's Home» den 1. februar 1961 og han vart gjeven ut på Hull Records i mars 1961 med B-sida «This I Know».

«Daddy's Home» nådde andreplassen på Billboard Hot 100 i mai 1961.[1]

Seinare songar av bandet var ikkje like populære, men selde likevel godt.[2][3]

Del av songsyklus[endre | endre wikiteksten]

Songen er ein del av ein songsyklus og Sheppard var den første som skreiv ein songsyklus i rock and roll-samanheng. Han fortalte soga om eit forhold, som byrjar med at han går heim til jenta si, dei giftar seg, feirar jubileum og møter på problem. Songane som fortel denne soga var «A Thousand Miles Away», «500 Miles to Go», begge med The Heartbeats; og fortsette med «Daddy's Home», «Three Steps from the Altar,» «Our Anniversary» og «What Did Daddy Do?» for Shep and the Limelites.[4]

Kontrovers[endre | endre wikiteksten]

Kahl Music som var forleggjar for «A Thousand Miles Away», ein tidlegare song skriven av Sheppard, saksøkte Keel Music, forleggjaren for «Daddy's Home», for brot på opphavsretten. Keel tapte til slutt, og dette førte til slutten for The Limelites og Hull Records i 1966.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn av andre artistar som P.J. Proby (1970), Jermaine Jackson (1972), Toots and the Maytals (Funky Kingston 1973), Junior English og Cliff Richard (1981).

Jermaine Jackson[endre | endre wikiteksten]

Jermaine Jackson spelte inn ein suksessrik versjon av songen med Jackson 5 på korvokal. Songen nådde niandeplassen på Billboard Hot 100 i USA i mars 1973.

Cliff Richard-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Daddy's Home
av Cliff Richard
frå albumet Wired for Sound
B-side

«Shakin' All Over»

Språk engelsk
Utgjeve November 1981
Innspelt 1. mai 1981, live på Hammersmith Odeon
Sjanger Pop, Doo-wop
Lengd 2:55
Selskap EMI Records
Låtskrivar(ar) James Sheppard, Clarence Bassett, Charles Baskerville
Cliff Richard-kronologi 
«Wired for Sound»
(1981)
Daddy's Home «The Only Way Out»
(1982)


Den britiske songaren Cliff Richard gav ut eit konsertopptak av singelen i jula 1981. Songen var den andre singelen frå albumet Wired for Sound i 1981.

Songen vart ein internasjonal hit og nådde andreplassen på UK Singles Chart, tredjeplassen i Irland og 23. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100 i mars 1982 (nesten tjue år eter den originale utgåva til Shep and the Limelites). Songen nådde òg åttandeplassen i Australia, fjerdeplassen på New Zealand, åttandeplassen i Belgia og 14. plassen i Nederland. I Storbritannia selde singelen til gullplate for over 500 000 selde eksemplar.[5]

Det vart laga ein musikkvideo til singelen.[6]

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1981) Plass
Storbritannia (OCC)[7] 76

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Biography by Andrew Hamilton». Allmusic.com. Henta 21. februar 2018. 
  2. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 208. CN 5585. 
  3. AllMusic, Shep & the Limelites Biography Henta 19. februar 2016.
  4. «Shep and the Limelites.» The Guinness Encyclopedia of Popular Music, Volume 3. Enfield, England: Guinness Publishing Ltd., 1992, s. 2247.
  5. «UK certification Database». BPI. Arkivert frå originalen 1. august 2017. Henta 21. februar 2018. 
  6. Cliff Richard - «Daddy's Home» (video clip)
  7. «Chart File Top 100» (PDF). Record Mirror (London: Spotlight Publications): 27. December 26, 1981. Henta June 13, 2016. [daud lenkje]