Hopp til innhald

Dadra og Nagar Haveli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dadra og Nagar Haveli
forbundsterritorium
Forkorting: IN-DN
Land  India
Areal 491 km²
Folketal 343 709 (2011)[1]
Grunnlagd 11. august 1961
Tidssone UTC 5:30
Kart
Dadra og Nagar Haveli
20°16′N 73°01′E / 20.27°N 73.02°E / 20.27; 73.02
Wikimedia Commons: Dadra and Nagar Haveli district

Dadra og Nagar Haveli er eit distrikt i Dadra og Nagar Haveli og Daman og Diu i India. Det er sett saman av Nagar Haveli, eit lite område mellom Maharashtra og Gujarat og Dadra, ein enklave i Gujarat. Dadra og Nagar Haveli var tidlegare eit eige forbundsterritorium med Silvassa som hovudstad. Det blei slått saman med Daman og Diu til eit nytt territorium den 26. januar 2020.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Området er åslendt, og rundt 40 % av territoriet er skogdekt. Austdelen ligg nær Dei vestlege Ghatfjella, og kan nå høgder opptil 300 moh.[3]

Damanganga er den einaste større elva i territoriet. Ho renn frå Maharashtra nordvestover til hamnebyen Daman.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Territoriet omfattar rundt 70 landsbyar. Dei fleste innfødde bur på landsbygda. Rundt 80 % av dei er rekna som urfolk (adivasiar). Det blir snakka fleire språk i området, mellom anna varli, dhodia og konkani. Gujarati og marathi er vanlege som andrespråk.[3]

Jordbruk, ofte på oppbygde terrasar, er den viktigaste næringsvegen i territoriet. Ein dyrker særleg ris og korakan (ragi eller fingerhirse, Eleusine coracana). Andre viktige vekstar er kveite og sukkerrøyr.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dadra og Nagar Haveli var lenge under radjputstyre. Nagar Haveli blei del av Marathariket, men begge områda kom under portugisisk herredøme i 1780-åra. Indisk-portugisiske nasjonalistar tok kontroll over først Dadra og så Nagar Haveli i juli/august 1954, og sette opp eit pro-indisk styre. Dei to områda blei gjort til eit felles unionsterritorium i India 11. august 1961.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.censusindia.gov.in/pca/DDW_PCA0000_2011_Indiastatedist.xlsx.
  2. Staff, The ID (4. desember 2019). «Dadra & Nagar Haveli and Daman & Diu UTs merge for 'better admin efficiency, service': MoS Home». Indus Dictum. Arkivert frå originalen 11. november 2021. Henta 5. desember 2019. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Dadra and Nagar Haveli» (2015), Encyclopædia Britannica. Lesen 13. februar 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Dadra og Nagar Haveli