Hopp til innhald

Dafne Schippers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dafne Schippers


StatsborgarskapKongeriket Nederlanda
Fødd15. juni 1992 (33 år)
Utrecht
Idrettfriidrett
Tok del i Junior-EM i friidrett 2009, Junior-VM i friidrett 2010, EM i friidrett innendørs 2011, Junior-EM i friidrett 2011, VM i friidrett 2011, VM i friidrett innendørs 2012, EM i friidrett 2012, Sommar-OL 2012, EM i friidrett innendørs 2013, U23-EM i friidrett 2013, VM i friidrett 2013, VM i friidrett innendørs 2014, EM i friidrett 2014, EM i friidrett innendørs 2015, VM i friidrett 2015, VM i friidrett innendørs 2016, EM i friidrett 2016, VM i friidrett 2017, EM i friidrett 2018, Friidrett under Sommer-OL 2012 – 4x100 meter stafett damer, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Sjukamp damer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 100 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 200 meter kvinner
Utmerkingar Årets talent, AIPS' kåring av årets sportsutøver i Europa, ridder av Ordenen av Orange-Nassau

Dafne Schippers (fødd 15. juni 1992) er ein nederlandsk tidlegare friidrettsutøvar frå Utrecht som tevla på sprintdistansane 100 og 200 meter, og i sjukamp og lengdehopp. Ho vart verdsmeister på 200 meter i 2015 og 2017, i tillegg vann ho fire gullmedaljar i sprintøvingar ved europameisterskap i 2014 og 2016. Schippers si bestetid på 200 meter, 21,63 sekund, er framleis (2025) europarekord.

Sommaren 2010 vann Schippers sjukampen ved junior-verdsmeisterskapen i Moncton i Canada, i tillegg til ein bronsemedalje på 4 x 100 meter stafett. Året etter sigra ho i sjukampen ved junior-EM i Tallinn.

I mai 2012 forbetra Schippers sitt personbeste i sjukamp med 188 poeng til 6 360 poeng i Götzis-stemnet. Under EM 2012 i Helsinkii enda ho på femteplass på 200 meter og fekk sølv med Nederland i sprintstafetten. I dei olympiske sommarleikane 2012 kom ho på tolvteplass i sjukampen med 6 324 poeng. Eitt år seinare la ho beslag på bronsemedalje i sjukampen då verdsmeisterskapen vart avvikla i Moskva.

I 2014 kom Schippers på tredjeplass i sjukampen på Götzis. Med 6 545 poeng sette ho nederlandsk rekord. Deretter sette ho i Glasgow landsrekordar på 100 og 200 meter med tidene 11,03 og 22,34. I den nederlandske meisterskapen hoppa ho 6,78 meter i lengde, også det nasjonal rekord. Høgdepunktet for sesongen kom i august, ho vann då gullmedaljen på så vel 100 meter som 200 meter ved europameistertskapen i Zürich. Med tida 22,03 gjennomførte ho det beste 200 meter-løpet av ein europear på nitten år.

Trass i EM-suksessen på sprintdistansane, satsa Schippers vidare i sjukamp. Men etter at ho i mai 2015 måtte bryte sjukampen i Götzis grunna kneproblem, bestemte ho seg for å delta i sprinten ved verdsmeisterskapen i Beijing. I semifinalen på 100 meter forbetra ho sin ganske ferske landsrekord frå London Grand Prix på 10,92 til 10,83 sekund. Jamaicanske Shelly-Ann Fraser-Pryce sigra i finalen på 10,76, medan Schippers tok sølv med 10,81 og enno ein landsrekord. I VM-finalen på 200 meter presterte Schippers livsbeste 21,63 sekund, ei tid heilt i verdstoppen på distansen. Elaine Thompson frå Jamaica måtte nøye seg med sølv, slått med tre fattige hundredelar av eit sekund.

Ved Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro vant Schippers sølvmedaljen på 200 meter med sesongbeste 21,88 sekund. Også vinnaren Elaine Thompson gjorde årsbeste med sine 21,78. På 100-meteren kom Schippers på ein femteplass.

Schippers forsvarte VM-tittelen på 200 meter i London i 2017. Med tida 22,05 kneip ho gullet, tre hundredels sekund føre Marie-Josée Ta Lou frå Elfensbeinkysten. Tidlegare i meisterskapen kneip ho bronsemedaljen på tida 10,96, 0,01 sekund føre nummer 4 og 5.

Også i europameisterskapen 2018 enda Schippers på bronseplass på 100-meteren. Fire dagar seinare var ho sjanselaus mot Dina Asher-Smith i finalen på 200 meter, tok sølv på 22,14 sekund. Dagen etter vann ho ein ny sølvmedalje for Nederland som startkvinne i 4 x 100 m stafett.

Ved VM 2019 i Doha kvalifiserte Schippers seg til finalen på 100 meter med sjuande beste tid, 11,07. Sterke smerter i ein muskel førte til at ho trekte seg frå finalen og reiste heim. År 2021 var ho plaga med skade, men stilte likevel opp på 200 m i Tokyo-OL. I semifinalen var ho langt unna å ta seg vidare til finalen.

Ho la opp i 2022.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]