Hiiumaa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dagö)
Sjå òg fylket Hiiu maakond.
Hiiumaa
Takhuna, den nordlegaste delen av Hiiumaa.
Takhuna, den nordlegaste delen av Hiiumaa.
Geografi
Stad Austersjøen
Koordinatar 58°52′N 22°35′E

Areal 989 km²

Høgaste punkt Tornimägi (68 moh.)

Administrasjon
Land Estland
Maakond Hiiu maakond
Største busetnad Kärdla (3 736 innb.)

Demografi
Folketal 10 222

Hiiumaa eller Dagö (estisk: Hiiumaa; svensk og eldre tysk: Dagö; eldre dansk: Dagø; finsk: Hiidenmaa) er den nest største øya i Estland med eit areal på 989 km². Ho ligg i Austersjøen, nord for øya Saaremaa. Den største tettstaden på øya er Kärdla.

Hiiumaa er den største øya i Hiiu fylke, som vert kalla Hiiumaa eller Hiiu maakondestisk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske spor av dei første busetnadene på Hiiumaa går tilbake til 300-talet fvt.. Dei første skrivne kjeldene omtalar øya som Dageida i 1228, då øya i lag med resten av Estland vart erobra av tyske krossfararar. I 1254 vart Hiiumaa delt mellom bispedømet Ösel-Wiek og Sverdbroderordenen frå Den tyske riddarordenen (som òg delvis handla på vegner av Hansaen). Øya var ein del av Sverige frå 1563 til 1710. Mesteparten av den svensktalande busetnaden emigrerte, eller vart estiske, under den russiske perioden som varte frå 1710 til den første verdskrigen, då ho var okkupert av tyske styrkar. Etter krigen vart ho ein del av av eit sjølvstendig Estland, men vart annektert av Sovjetunionen i 1940, av tyskarane i 1941, og av Sovjetunionen igjen i 1944. Ho var ein del av Sovjetunionen fram til landet kollapsa i 1991. Sidan då har øya høyrt til Estland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]