Dag C. Weberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dag C. Weberg
Fødd14. september 1937 (86 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, bonde
Alle verv

Dag Christopher Weberg (fødd 14. september 1937) er ein norsk politikar frå Hole i Buskerud. Han representerte Oppland og partiet HøgreStortinget i tida 1989-97.

Bondesonen Weberg gjekk både handelsskule, befalsskule og landbruksskule i tida 1954-59. Frå 1965 var han gardbrukar på Kvelsrud i Jevnaker i Oppland.

I Jevnaker engasjerte Weberg seg politisk for Høgre. Han var såleis kommunestyremedlem 1976-83 og fylkestingsmedlem 1984-89, med plass i fylkesutvalet. Periodane 1977-83 og 1988-? hadde han plass i sentralstyret i Høgre. Stortingsbolken 1985-89 var Weberg fyrste varamann til Stortinget, og møtte på Tinget i kortare periodar. Hausten 1989 vart han så vald inn på Stortinget, attvald i 1993. Dei fyrste fire åra var han medlem i Landbrukskomiteen, dei siste fire i Næringskomiteen. Ved stortingsvalet 1997 fekk ikkje Høgre plass på Opplands-benken i Stortinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]