Dag Dygveson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dag Dygveson var ein halvmytisk konge av ynglingeætta, far til Agne. Han er nemnt i Ynglingatal, og meir utførleg i Ynglingesoga, og i Den eldste Noregshistoria.

Snorre fortel at Dag var så klok at han skjøna fuglemål. Han åtte ein sporv som for ikring med bod for han, og som fortalte han om alt som hende i verda. Ein gong flaug denne sporven til Hreidgotaland (i denne soga truleg Jylland), og flaug i åkeren til bonden på ein gard som heitte Vorve. Bonden lika ikkje dette og drap sporven med ein stein. Kong Dag blota for å få visse om kva som hadde hendt, og gjekk sidan på hærferd til Gotaland. Han var sigersæl og tok mykje folk og hærfang, men vart drepen av ein arbeidstræl som kasta ein høy-gaffel inn i flokken og råka dag i hovudet.

Ynglingatal fortel det slik:

det veit eg, at til Dag
kom daudens ord;
til Hel fór hovdingen
huga på storverk,
då til Vorve kom
den vise kongen,
han som sverdet kan svinga,
vilde sporven hemna.
Og det ord
i austerveg
stridsmennar
frå slaget bar
av høy-tjuga gav
gramen dauden,
ho som åt sleipne
slengjer fóret.

Hreidgotaland ligg austpå iflg Ynglingatal, noko som rimar heller dårleg med plasseringa av Jylland, som ligg vest for Sverige, der Dag skal ha vore konge.

Den eldste Noregshistoria nemner at danene fellte Dag i "open strid" då han freista å hemne drapet på sporven. Motivet med ein fugl som kjem til kongen med bod kan minne noko om ramnene til Odin og deira funksjon. Ein annan segnhelt som skjøna fuglemål var elles Sigurd Fåvnesbane. Etter Historia Norvegiæ er Dag far til Alrek.