Dag Fornæss
Dag Fornæss | |
![]() | |
Fødd | 30. juni 1948 (72 år) Hamar |
Yrke | fotballspelar, skøyteløpar |
Dag Fornæss på Commons |
Dag Fornæss (fødd 30. juni 1948) er ein norsk tidlegare skeiseløpar og fotballspelar frå Hamar. I 1969 vart han både norsk, europeisk og verds-meister på skeiser. Han forsvarte noregsmeistertittelen i 1970 og 1971 og tok sitt andre europeiske meisterskap i 1971. Fornæss representerte Hamar Idrettslag på skeisebannen og Skeid på fotballbanen. John Erik Fornæss er ein eldre bror.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Skøyter[endre | endre wikiteksten]
Fornæss slo gjennom under NM 1969 på Lillehammer. Utan å vinne ein einaste av dei fire distansane tok han ein suveren siger, over eitt tidspoeng framom Magne Thomassen. Eit par veker seinare vart han europameister i tyske Inzell, heller ikkje der vann han nokon enkeltdistanse. Han fullenda sesongen med å verte verdsmeister i Deventer, også då utan å vinne ein distanse.
I 1970 vart Fornæss norsk meister på ny, då etter å ha vunne begge dei lengste distansane. Under EM 1970 kjempa han ein drabeleg kamp om EM-tittelen mot nederlendaren Ard Schenk, og trass i at han gjekk ein framifrå 10 000 m som han vann på tida 15.42,9, mangla han 1,8 sekundar på å innhente Schenk sitt forsprang frå dei tre tidlegare distansane. I VM 1970 på Bislett stadion i Oslo enda Fornæss på femteplassen. År 1970 vart elles den aller fyrste noregsmeisterskapen i skeise-sprint avvikla. Magne Thomassen frå Trondheim vann på heimebane, føre nettopp Dag Fornæss som sigra på den fyrste 500-meteren.
Fornæss tok sin tredje strake NM-tittel i 1971 på Melløs stadion i Moss. Her vann han ein klar siger, som året før vart Roar Grønvold nummer to. Også under europameisterskapen i Heerenveen imponerte Fornæss, med klare sigrar på både 5 000 m og 1500 m slo han toaren Ard Schenk med godt over eitt tidspoeng. Distansiger på 500 m under VM i Göteborg borga for at Fornæss skulle ta tilbake VM-tittelen, men svakare løp i resten av meisterskapen gjorde at han enda på fjerdeplass, over fire tidspeong bak den suveren vinnaren, Ard Schenk.
I 1972 vart Fornæss nummer to i NM, slått av Roar Grønvold. Grønvold vart også beste nordmann under EM med sin andreplass, Fornæss vart nummer fem. Under sprint-NM slo Fornæss opp ein gammal lyskestrekk og fekk resten av sesongen nærast spolert. Han satsa mykje på å kome i form til OL i Sapporo, men vart berre nummer 13 på både 1500 m og 10 000 m. Det vart hans avskjed med skeiseidretten.
Ymse[endre | endre wikiteksten]
Fornæss var aktiv fotballspelar på toppnivå for Skeid i 1970-72.
Fornæss vart tildelt Morgenbladets Gullmedalje, Oscarstatuetten og Sportsjournalistenes statuett som «Årets idrettsnavn» i 1969.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Alt om skøyter, aktuelle årgangar.
- Sportsboken, aktuelle årgangar.
- (en) Dag Fornæss – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
- Einskildmenn
- Fødde i 1948
- Norske skeiseløparar
- Norske fotballspelarar
- Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround
- Europameistrar i lengdeløp på skeiser – Allround
- Noregsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround
- Norske deltakarar under vinter-OL 1972
- Skeiseløparar under vinter-OL 1972
- Vinnarar av Aftenpostens Gullmedalje
- Vinnarar av Oscarstatuetten
- Skeid-spelarar
- Folk frå Hamar