Dag Hammarskjølds vei i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°55′56.363″N 10°47′57.415″E / 59.93232306°N 10.79928194°E / 59.93232306; 10.79928194

Etter 2013 er Dag Hammarskjølds vei ein lokalveg oppå tunnelen med Ring 3.

Dag Hammarskjølds vei i Oslo er ein lokalveg på Løren. Berre nokre få bygningar har adresse til denne vegen.

Vegen fekk namnet i 1961 etter den svenske diplomaten Dag Hammarskjöld (1905-1961), som var generalsekretær for Dei sameinte nasjonane (SN) frå 1953 til han døydde då flyet han sat i styrta.

Før 2013 var Dag Hammarskjølds vei ein motorvegliknande firefeltsveg som utgjorde den delen av Ring 3 (riksveg 150) (Store ringveg) som gjekk frå Sinsenkrysset til Økern. Her går Ring 3 no gjennom tunnelen Lørentunnelen.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]