Hopp til innhald

Dag Holmen-Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dag Holmen-Jensen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. mai 1954 (70 år)
Idrett skihopping

Dag Holmen-Jensen (fødd 16. mai 1954) er ein norsk tidlegare skihoppar som var medlem av Fossum Idrettslag.

Han har ei NM-medalje, bronsemedalje i normalbakke på Fåvang i 1976. Johan Sætre vart suveren noregsmeister, Magnar Larsen kom på sølvplass.

Holmen-Jensen debuterte i verdscupen med 45. plass i Oberstdorf 30. desember 1979. Sesongen 1981 kom han på fjerdeplass i Lahti og var beste nordmann i tevlinga. 22. mars 1981 vann han avslutningsrennet i verdscupen. Han sigra i storbakken i Planica, framom verdscupvinnaren Armin Kogler. Sjølv vart han samanlagt nummer 17 i verdscupen, same plassering oppnådde han sesongen etter. I den tysk-austerrikske hoppveka 1981/82 vart han nummer seks i opningsrennet i Oberstdorf, og enda på åttandeplass samanlagt i hoppveka. Nummer åtte vart han også i verdsmeiserskapen i skiflyging i Kulm i mars 1982.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1978: Nr 13 i Holmenkollen
  • 1980: Nr 14 i Holmenkollen
  • 1981: Siger i Planica
  • 1982: Nr 8 i skiflygings-VM i Kulm, nr 6 i verdscupen i Oberstdorf
  • 1983: Nr 7 i Bærum

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar