Hopp til innhald

Dag Klaveness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dag Klaveness
StatsborgarskapNoreg
Fødd29. august 1945
Død

30. oktober 2020 (75 år)

Yrkelimnolog, professor

Dag Klaveness (fødd 29. august 1945) er ein norsk biolog og limnolog, med cand. real i botanikk (marin botanikk, 1971) og doktorgradskompetanse (1978) på arbeid med mineraldannande mikroorganismar.

Klaveness vart universitetslektor i limnologi frå 1974, professor frå 1992 ved Universitetet i Oslo. Han har hatt forskingsopphald i USA og Frankrike, feltarbeid i Sargassohavet, i norske fjordar og kystfarvatn og i skandinaviske innsjøar i låglandet og i høgfjellet.

Som biolog har han hovudsakleg arbeidt med eukaryote mikroorganismar i økologisk og evolusjonær samanheng, medan limnologien opnar for studiet av tydinga deira i dei mest forskjelligarta akvatiske miljø. Han har òg studert og skrive om fenologien til plantar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]