Dag Seierstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dag Seierstad
Dag Seierstad.JPG
Dag Seierstad under Trondheimskonferansen 2010
Foto: Jarle Vines
Fødd 5. august 1936
Oslo
Yrke politikar

Dag Seierstad (fødd 5. august 1936 i Oslo) er ein norsk SV-politikar og samfunnsdebatant. Han er far til journalist og forfatter Åsne Seierstad.

Seierstad er utdanna fysikar og arbeidde ei rad år som amanuensis i samfunnspolitikk ved Høgskolen i Lillehammer.

I 1958 vart han med i Sosialistisk Studentlag. Han var medlem i SF frå starten i 1961 og sentralstyremedlem i perioden 1969-1973.

Seierstad var sentralstyremedlem i SV frå 1995-2005, og partiets førstekandidat i Oppland ved stortingsvala i 1993 og 1997.

Motstand mot EF og EU har vore kampsakene til Seierstad og han skriv artikler om EU i Klassekampen kva veke.

I november 2006 gav Pax forlag ut Festskrift for Dag Seierstad, som hadde samla ei rad av artiklane hans frå 1949 til i dag. I 2006 fekk han Neshornet, Klassekampens kulturpris. Under Nei til EUs landsmøte 10. november 2012, vart Seierstad utnemnt til organisasjonens første æresmedlem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]