Dag Terje Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dag Terje Andersen
Dag Terje Andersen.jpg
Fødd 27. mai 1957
Frogn
Verv Stortingspresident i Noreg
Periode 2009-2013
Føregjengar Thorbjørn Jagland
Etterfylgjar Olemic Thommessen
Dag Terje Andersen på Commons

Dag Terje Andersen (fødd 27. mai 1957 i Frogn i Akershus fylke) er ein norsk politikar og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet. Han hadde to postar i regjeringa Stoltenberg II, fyrst statsråd i Nærings- og handelsdepartementet frå 29. september 2006 til 20. juni 2008, då han vart statsråd i Arbeids- og inkluderingsdepartementet, noko han var fram til 2. oktober 2009. I tillegg var han ein kort periode i 2006–2007 fungerande statsråd i Fiskeri- og kystdepartementet. Dag Terje Andersen var stortingspresident frå 2009 til oktober 2013, då Olemic Thommessen overtok stillinga. [1]

Dag Terje Andersen er busett i Lardal og vart fyrste gong medlem av kommunestyret der i 1983. Frå 1987 til 1992 var han ordførar i kommunen. Regjeringskarrieren sin byrja han alt i 1992, då han var politisk rådgjevar og statssekretær i høvesvis Utanriksdepartementet og Sosialdepartementet. Andersen var også statsråd i Landbruksdepartementet i regjeringa Jagland frå 1996 til 1997. I perioden mellom 1992 og 1996 var han partisekretær i Arbeidarpartiet, og vart medlem av sentralstyret i partiet i 2002.

Han vart vald inn på Stortinget frå Vestfold i 1997. I perioden som byrja i 2001 var han vararepresentant, før han på nytt vart vald inn i 2005. Det var Silvia K. Kosmo som var vararepresentant for han medan han sat i regjering i denne perioden. Andersen var også vararepresentant i periodane 1985–1989 og 1989–1993. Som stortingsrepresentant har Dag Terje Andersen hatt leiarverv i to ulike stortingskomitear; han leidde Finanskomiteen frå 2000 til 2001 og Kommunal- og forvaltningskomiteen frå 2005 til 2006.

Andersen arbeidde i perioden 1977–1979 som smelteverksarbeidar, og frå 1979 til 1992 og i 2002 som skogsarbeidar. I 2002 studerte han også journalistikk ved Folkeuniversitetet. Etter dette, i perioden 2003–2005 var han innanlandssjef i Norsk Folkehjelp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]