Hopp til innhald

Dagen viker og går bort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Dagen viker og går bort» er ein kveldssalme av Dorothe Engelbretsdotter, opphavleg gjeven ut som «Afften-Psalme» i Siælens Sang-Offer i 1678. Salmen hadde opphavleg 20 vers. Av desse er 11 tekne med i Norsk salmebok (1985) og Norsk salmebok 2013.[1]

Salmen er nummer 810 i Norsk salmebok 2013.[2]

Salmen har ei rekkje melodiar. Catharinus Elling, Ole Mørk Sandvik og andre skreiv ned ulike norske folketonar som blei brukte med henne. Melodien i den norske salmeboka er ein dansk variant av ein melodi frå 1566-utgåva av salmeboka til dei bøhmiske brørne.

  1. ↑ Holter, Stig Wernø (29. mai 2019). «Dagen viker og går bort». Store norske leksikon (på norsk).
  2. ↑ Dorothe Engelbretsdotter/Eide forlag AS. «Afften Psalme». Henta 8. januar 2020. {{cite web}}: Den ukjende parameteren |kommentar= vart ignorert (hjelp) CC-BY-SA-4.0

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]