Dagfinn Føllesdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dagfinn Føllesdal
Fødd22. juni 1932
Askim kommune
NasjonalitetNoreg
Områdefilosofi, språkfilosofi, fenomenologi, eksistensialisme, hermeneutikk
Yrkefilosof, universitetslærar, forskar
InstitusjonarStanford University
Universitetet i Oslo
Alma materHarvard University
Universitetet i Oslo
DoktorgradsrettleiarWillard Van Orman Quine
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Kungliga Vetenskapsakademien
American Academy of Arts and Sciences
Göttingens vitenskapsakademi
Academia Europaea
Finska Vetenskaps-Societeten
Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien
Det Norske Akademi for Språk og Litteratur

Dagfinn Kåre Føllesdal (fødd 22. juni 1932 i Askim) er ein norsk filosof.

Han studerte matematikk, fysikk og astronomi i Oslo og Göttingen, og filosofi ved Harvard, der han tok doktorgraden i 1961. Han var assistent for Arne Næss og studerte under W. V. O. Quine. Føllesdal har vore professor ved Harvard, Oslo og Stanford, og gjesteprofessor ved Berkeley og Collège de France.

I 1995 vart han tildelt Universitetet i Oslos forskingspris. Han er medlem av mange akademi i Noreg og utlandet, og har fått ei rekkje prestisjefulle prisar. Det kongelege hoffet kunngjorde 10. mars 2009 at kongen hadde utnemnd Føllesdal til kommandør av St. Olavs Orden «for hans innsats for filosofi og etikk.»[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Utnevnelser til St. Olavs Orden, Kongehuset, 10. mars 2009.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]