Dagfinn Flem
Utsjånad
| Dagfinn Flem | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 28. juli 1906 Borgund kommune |
| Død | |
| Yrke | politikar, redaktør, omsetjar, forfattar |
| Politisk parti | Venstre |
| Far | Ivar Flem |
Dagfinn Flem (fødd 1906 i Ålesund, død 1976) var ein norsk redaktør og lokalpolitikar. Han var son til Ivar Flem, redaktør i Sunnmørsposten. Dagfinn Flem vart redaksjonssekretær i same avis i 1932. Frå 1946 vart han ansvarleg redaktør saman med broren Magne. Han var medlem av Ålesund bystyre frå 1934. I til saman åtte år var han ordførar i byen, og representerte Venstre.
Dagfinn Flem var med i Bolstads Ensembel 1934-1941.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Ragnar Ulstein: By og land i 100 år Sunnmørsposten A/S 1982