Daglegtale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Daglegtale eller kvardagsspråk er det språket folk snakkar til vanleg. Det skil seg frå fagspråk og såkalla høgspråk ved at det er meir uformelt og ofte mindre presist, men blir forstått av fleire og har dermed høgare kommunikasjonspotensiale.

Oppbyggjinga og ordbruken av daglegtalen skil seg frå skriftspråk. Daglegtalen kan til dømes innehalda heilt andre ord eller ha ei anna tyding for orda. Han har òg gjerne enklare setningskonstruksjonar enn det ein kan finna nedskrive.

I nokre samfunn der forskjellane mellom skriftspråk, standardspråk, eventuelt høgspråk og daglegtale store. Der kan bruk av daglegtale kan signalisera ein avslappa situasjon. Samstundes blir denne talemåten ofte sett på som galen eller slurvete. I lingvistikken finst det ikkje noko «dårleg» språk, i staden held ein føre at reglane for talespråket som er ulike.

Ei stor endring i det europeiske kulturlivet skjedde då europearar frå ulike land i løpet av mellomalderen og seinare tok til å skriva på kvardagsspråk, som fransk eller tysk, i staden for å bruka latin.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]