Daglegvarehandel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Daglegvareforretning)
Rema 1000-butikk på Sunndalsøra.
KIWI-butikk på Ytteren i Rana.
Tyrkia

Daglegvarehandel er ein butikk som sel matvarer, vaskeartiklar og andre hushaldningsartiklar til hushaldningar.

Forretningstypen og nemninga er av relativt ny dato. Framveksten kjem særleg av ferdigpakking av varer i standardiserte kvalitetar og kvanta avpassa for detaljhandel (merkevarer), og fryselagring av varene i butikken. Det finst over 4300 daglegvareforretningar i Noreg.

Sjølve ordet ber i seg at kundane vitjar butikken ofte, og den typiske plasseringa for daglegvarehandlar har derfor vore spreitt og i kort avstand til bustader. Ulike utviklingstrekk frå 1970-åra og framover har påverka dette. Talet på heimeverande har gått ned, medan bilbruken og mobiliteten åt publikum har auka. Samtidig har kundane fått betre plass heime, og betre vilkår til å sjølv ta vare på matvarer ved hjelp av frysar og kjøleskap. Denne utviklinga har lagt grunnen for eit heilt anna handlemønster, der «dagleg»-varehandelen ikkje lenger er dagleg, og der det vert handla i store kvanta frå stormarknader med eigen parkeringsplass.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«dagligvareforretning» i Store norske leksikon, snl.no.

Spire Denne økonomiartikkelen som har med samfunn å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.