Dagmar Rom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dagmar Rom
Dagmar Rom 1950b.jpg
Fødd 16. juni 1928
Innsbruck
Yrke alpinist
Dagmar Rom på Commons

Dagmar Rom (fødd 16. juni 1928) er ein austerriksk tidlegare skirennar frå Innsbruck som vann gullmedaljane i både slalåm og storslalåm under alpin-VM 1950 i USA.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Rom vart austerriksk meister i utfor i 1947. Ho vart utteken til Vinter-OL 1948, men vart stygt skadd under trening og kunne ikkje delta.

I 1950 vart Dagmar Rom dobbelt verdsmeister under VM i alpine greiner i Aspen i delstaten Colorado. Både då ho vann slalåm og storslalåm hadde ho sterkast konkurranse frå ei landskvinne. I slalåm slo ho Erika Mahringer med eitt tidels sekund, dei to var i ein klasse for seg, medan ho i storslalåm hadde ein sigersmargin til Trude Jochum-Beiser på to tidels sekund. Rom vart for 1950 vald til årets kvinnelege idrettsutøvar i Austerrike.

Under Vinter-OL 1952 i Oslo tok Rom sølvmedaljen storslalåm, bak Andrea Mead Lawrence frå USA. I det olympiske utforrennet vart ho nummer fem. Same sesongen vart ho austerriksk meister i både slalåm og storslalåm.

Etter giftarmål og barnefødsel kom Rom tilbake i alpinløypa i 1955-sesongen, men nådde ikkje heilt opp og avslutta skikarrieren. På 1950-talet hadde Rom ei hovudrolle i ein spelefilm, og i 1963 i ein fjernsynsserie saman med sonen sin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Dagmar Rom – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.