Daidalos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Daidalos lager venger for sonen sin Ikaros. Teikning av eit romersk relieff i Villa Albani, Roma (Meyers Konversations-Lexikon, 1888).

Daidalos (gresk skrift Δαίδαλος, med tydinga 'kunnig' eller 'slu handverkar'; etruskisk Taitale) var ein dugeleg handverkar og kunstnar i gresk mytologi.[1][2] Han var far til Ikaros og Iapyx, og onkel til Perdix. Daidalos er særleg kjend frå soga der han var fanga på Kreta saman med sonen Ikaros, men flykta ved hjelp av venger som han sjølv hadde laga av fjører og voks. Men sonen flaug for nær sola, og voksen på vengene smelta slik at han fall i havet og drukna.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Seinare former av myta gav han ein far i anten Metion,[3] Eupalamos[4] eller Palamaon,[5] og ei mor i anten Alkippa, Athene,[6] Ifinoe[7] eller Frasimede.[8] Daidalos hadde to søner: Ikaros og Iapyx, og ein nevø som heitte Perdix.[9][10]

Atenarane overtok den kretiske Daidalos og meinte han var fødd i Aten som soneson av kong Erechteus som flykta til Kreta etter å ha drepe nevøen sin. Med tida blei det lagt til andre forteljingar om Daidalos. På 1800-talet kombinerte den amerikanske forfattaren Thomas Bulfinch desse saman til eiy enkelt synoptisk syn på materiala som Andrew Stewart har karakterisert som eit «historisk uregjerlig samansurium av ‘bevis’, tungt samanføyd med atensk kulturell sjåvinisme.»[11]

Labyrinten[endre | endre wikiteksten]

Minotauros i labyrinten, inngravering på eit klenodie frå 1500-talet, Medici-samlinga i Palazzo Strozzi, Firenze[12]

Daidalos er først nemnt av Homer som skaparen av ein brei danseplass for Ariadne.[13] Han konstruerte òg labyrinten på Kreta der uhyret Minotauros, som var des menneske og dels okse, blei halden. I forteljinga om labyrinten som grekarane fortalde blei den athenske helten Thesevs utfordra til å drepa Minotauros, og fann vegen gjennom labyrinten ved hjelp av Ariadnes tråd.

Daidalos og sonen hans Ikaros flykta frå Kreta ved hjelp av venger bygde av fjør og voks. Dei hadde passert Samos, Delos og Lebynthos då Ikaros gløymde seg sjølv og steig opp mot sola. Den varme sola varma opp voksen som heldt fjørene saman, og dei fall av. Ikaros fall ned i havet og drukna. Faren gret og klaga bittert over sitt eige handverk. Han kalla øya nær staden der Ikaros drukna for Ikaria til minne om sonen.[14]

Eit tidleg bilete av ein Daidalos med venger opptredde først på ein etruskisk kopp ein gong rundt 630 f.Kr. og blei funnen ved Cerveteri (i antikken kalla Caere). Den venga figuren nemnd som Taitale opptrår på den eine sida av koppen, og på den andre sida er Metaia (greske Medeia). Den etruskiske koppen viser at segna om Daidalos var velkjend i vest.[15]

Daidalos og Perdix[endre | endre wikiteksten]

Akropolis i Athen, sett frå høgda Pnyx i vest

Daidalos var så stolt av kva han hadde oppnådd at han ikkje kunne utstå tanken på ein rival. Systera hans hadde plassert sonen sin, namngjeve ulikt som Perdix, Talos, eller Kalos, hjå han for å få opplæring i dei mekaniske kunstane.[16] Guten var gåverik, og viste imponerande prov på kløk. Ein gong då han gjekk langs kysten plukka han opp ryggrada til ein fisk, og i følgje Ovid, etterlikna han henne. Han tok eit jarnstykke og skar hakk på langs kanten, og fann slik opp saga. Han la to jarnstykke saman, klinka dei saman i den eine enden og gjorde dei to andre endane spisse, og slik fann han opp kompasset.[17]

Daidalos blei så sjalu på prestasjonane til nevøen at han greip eit høve til å bli kvitt han. Då dei to var saman ein dag på Akropolis i Aten, spurde Perdix onkelen sin om korleis sonen hans Ikaros hadde døydd.[18] Daidalos, som ikkje kunne snakka om dette, tok eit av dei mekaniske leiketøya som han hadde arbeidd med og kasta det over klippekanten. Perdix, som ville redda leiketøyet, strekte seg etter det og fall utanfor og i døden. Men fallet hans blei sett av Atene, gudinna for visdom, og ho endra skjebnen hans ved å forvandla han til ein fugl som var oppkalla etter han, perdix, eller rapphøne. Denne fuglen ville ikkje ha reir i tre, og heller ikkje flyga høgt og luftig, men bygde reir i hekkar, og unngjekk høge stadar fordi han hugsa at han hadde falle utanfor klippa.

For brotsverket sitt blei Daidalos dømd og forvist. For å alltid minnast forræderiet hans, merka Athene han med biletet av ein fugl slik at han aldri skulle gløyma synda han hadde gjort.

Daidalos og Ikaros[endre | endre wikiteksten]

Daidalos og Ikaros, måleri av Frederic Leighton, ca. 1869

Den mest kjende litterære forteljinga som fortel om vengene til Daidalos er av seint opphav og kjem frå den romerske forfattaren Ovid. Boka hans Metamorfoser fortel at Daidalos blei stengd inne i eit tårn for å hindra at kunnskapen hans om labyrinten skulle bli kjend for andre.[19] Han kunne ikkje forlata Kreta sjøvegen då kongen heldt streng vakt over alle skip, og ikkje tillét nokon å segla utan at dei var blitt nøye gjennomsøkt. Sidan kong Minos kontrollerte vegane over land og hav, byrja Daidalos å konstruera venger for seg sjølv og sonen sin Ikaros. Han knytte fjører saman midt på med trådar og festa dei i enden med voks slik at dei til saman blei lik vengene til ein fugl. Då arbeidet var gjort, slo han med vengene og fann seg sjølv svevande oppover og hengde ventande og balanserande i lufta. Deretter utstyrte han sonen på same viset og lærte han korleis han kunne fly. Då begge var klare til å ta av, åtvara han sonen om å ikkje fly for høgt ettersom varmen frå sola då ville smelta voksen, og heller ikkje for lågt då skummet i havet ville gjera fjørene blaute.

Dei hadde passert øyene Samos, Delos og Lebynthos då Ikaros gløymde seg sjølv og byrja å stiga oppover mot sola. Den skinnande sola mjukna voksen som heldt fjørene saman og dei fall av. Guten fall i havet og drukna. Far hans skreik ut og gret bittert over han og si eig kuns. Han kalla landet nær staden der Ikaros fall i døden for Ikaria til minne om sonen sin.

Ein kjenner til eit tidleg bilde av Daidalos med venger finst på e etruskisk mugge frå rundt 630 f.Kr. som blei funnen ved Cerveteri. Avbildinga viser den venga Taitale på den eine sida av krukka og på motsett side saman med, særs spesielt, Metaia (Medea): «samband hennar med desse to mytiske figurar er utan parallell,» i følgje forskaren Robin Lane Fox.[20] «Sambandet var truleg basert på dei usedvanlege, mirakuløse kunstartane deira. Magisk kunne Daidalos fly, og magisk var Medea til å gjera dei gamle yngre (scenen på krukka synest å visa henne gjera akkurat dette).» Det etruskiske bildet syner at forteljinga om Daidalos allereie var velkjend i vest.[21]

Sicilia[endre | endre wikiteksten]

Daidalos løyste Minos si gåte ved å la ein maur trekkja ein tråd gjennom eit spiralskjel.

Daidalos skal ha kome trygt til Sicilia i vest, og kom inn under vern av kong Kokalos av Kamikos på sørkysten av øya. Der bygde han eit tempel til Apollon, og hengde opp vengene sine som eit offer til guden. I ein variantfrå Vergil flaug Daidalos i staden til byen Kumae i Italia, og grunnla eit tempel der i staden for på Sicilia.[22] Lenge seinare møtte helten til Vergil, Aineias, dei skulpterte gulldørene til tempelet.

I mellomtida søkte Minos etter Daidalos ved å reisa frå by til by og leggja fram ei gåte. Han presenterte eit spiralskjel og spurde om nokon kunne trekkja ein tråd gjennom det. Då han nådde fram til Kamikos, og kom med den same oppgåva, visste kong Kokalos at Daidalos ville vera i stand til å løysa gåta. Han sende bod etter den gamle mannen, som knytte tråden til ein maur som blei lokka av ein drope honning i den eine enden til å gå gjennom skjelet og trekkja tråden etter seg. Minos visste då at Daidalos var ved hoffet til Kokalos og forlangte å få han utlevert. Kong Kokalos greidde å overtyda Minos om at han først måtte ta eit bad, og der blei han drepen av døtrene til kongen. I ein del versjonar er det Daidalos sjølv som heller varmt vann over Minos før han drep han.

Dess anekdotane er likevel litterære og av sein dato. I opphavsmytane til den greske kolonien Gela, som blei grunnlagd på 680-talet f.Kr. på sørvestkysten av Sicilia, finst det ein tradisjon at grekarane hadde teke kultbileta som var utarbeidde av Daidalos frå sikanarar, den opphavlege ikkje-greske folkesetnaden der.[23]

Oppfinnaren[endre | endre wikiteksten]

Daidalos formanar sonen sin. Måleri av Laurent Pécheux frå 1700-talet.

Slike anekdotiske detaljar som desse var utbroderingar av Daidalos sitt omdøme som oppfinnar innan mange kunstartar. I Naturalis Historia av Plinius den eldre er han kreditert som opphavsmann til snikkaryrket, «og med den saga, øksa, loddesnor, drillen, limet og gelatin» (fiskelim).[24] Geografen Pausanias har i omtalen sin av reiser rundt i Hellas tilskrive Daidalos ei rekkje arkaiske kultfigurar gjort i tre (sjå Xoanon) som imponerte han: «Alle desse arbeida til denne kunstnaren, om enn noko underlege å sjå på, hadde uansett eit strøk av det guddommelege i seg.»[25]

Daidalos gav namnet sitt, eponymt, til greske handverkarar eller oppfinnarar, og til mange greske anordningar som representerte fingernem dugleik. Ved Plataiai blei det halde ein festival, daedala, der det blei reist eit mellombels alter av tre, og ein skulpturelt utforma eit eiketre og kledde det i brudedrakt. Det blei frakta i vogn, med ei kvinne som symboliserte brudejente. Skulpturen blei kalla daedale.

I den seinare romantiske perioden på byrjinga av 1800-talet blei Daidalos fremja som den klassiske kunstnaren i form av den dugelege, vaksne handverkaren, medan Ikaros symboliserte den romantiske kunstnaren, den uimotsagte prototypen av ein klassisk kunstnar med ein heftig, lidenskapeleg og opprørsk natur, med si utfordring og trass mot formelle estetiske og sosiale konvensjonar, som til sist kan visa seg å vera sjølvdestruktivt. Den litterære figuren Stephen Dedalus i James Joyces Portrett av kunstneren som en ung mann (1916) framstiller det framtidige kunstnar-eget hans som «en bevinget form som flyr over bølgene [...] en hauklignende mann flyr mot solen over havet, en spådom av slutten han hadde blitt født for å tjene.»

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Filostratos av Lemnos: Immagines, 1.16: «Dette er verkstedet til Daidalos, og i den er statuer, en del med formene hogd ut, andre i ganske fullført utgave ved at de allerede skritter framover og gir løfte om å gå. Før tiden til Daidalos, vet du, hadde kunsten å gjøre statuer ennå ikke oppnådd en slik ting.»
  2. Frontisi-Ducroux, Françoise (1975): Dédale: Mythologie de l'artisan en Grèce Ancienne. Paris: François Maspero. s. 227.
  3. Diodorus Siculus: Library of History, 4. 76
  4. Hyginus: Fabulæ, 39 and 274; Servius om Æneiden 6. 14
  5. Pausanias: Description of Greece, 9. 3. 2
  6. Bibliotheca 3. 15. 9
  7. Skolia om Sofokles, Oidipus i Kolonos, 468
  8. Skolia om Platon, Staten, s. 529
  9. Med Naukrate, en kvinnelig slave hos Minos, i henhold til pseudo-Apollodorus, Bibliotheca Epitome of Book IV, 1. 12
  10. Med en bestemt kvinne på Kreta som kan eller ikke kan være den samme som Naukrate hos Strabon: Geography, 6. 3. 2
  11. Stewart, Andrew: One Hundred Greek Sculptors, Their Careers and Extant, hos Perseus
  12. Maffei, Paolo Alessandro (1709): Gemmae Antiche, Pt. IV, pl. 31; Kern, Hermann (2000): Through the Labyrinth, Prestel, fig. 371, s. 202): Maffei «feilaktig bedømte stykket til å være fra den klassiske antikken».
  13. Iliaden xviii; avsnittet er blitt sitert som et fargerikt og autentisk minne om minoisk Kreta innkapslet i muntlig tradisjon, eksempelvis i Alfred Burns: «The Chorus of Ariadne» i: Classical Journal, 70.2 (Desember 1974 - Januar 1975:1-12): bibliografi.
  14. Flyplassen på denne øya heter faktisk Ikaros.
  15. Fox (2009), s. 189.
  16. I Hyginus: Fabulæ, 39, er Perdix navnet på nevøen, men i henhold til Bibliotheca 3. 15. 8 og encyklopedien Suda (s. v. Perdikos hieron) er Perdix navnet på Daidalos' søster og Talos sønnen, nevøen til Daidalos. Den siste kilden hevder også at Perdix hadde en helligdom dedikert til henne i nærheten av Akropolis.
  17. Begge oppfinnelser er nevnt i Ovid: Metamorfoser, viii.236
  18. «Minervas hellige citadell» (Ovid).
  19. Ovid: Metamorfoser, VIII:183-235
  20. Simon, Erika (2004): «Daidalos-Taitale-Daedalus: neues zu einem wohlbekannten Mythos» i: Archäologischer Anzeiger, s. 419-422.
  21. Robin Lane Fox (2009), s. 189.
  22. Vergil: Æneiden VI
  23. Pausanias, viii.46.2, ix.40.3-4; Dunbabin, T.J. (1948): The Western Greeks; Morris, S.P. (1992): Daidalos and the Origins of Greek Art, s. 199, alle disse er notert av Fox (2009), s. 189, note 9.
  24. Plinius den eldre: Naturalis Historia 7.198
  25. Pausanias: Description of Greece ii.4.5. Pausanias listet eksisterende verker som var tilskrevet Daidalos i det andre århundre e.Kr., Description ix.40.3
  26. Ovid: «Some angler catching fish with a quivering rod, or a shepherd leaning on his crook, or a ploughman resting on the handles of his plough, saw them, perhaps, and stood there amazed, believing them to be gods able to travel the sky.»

Litteratur[endre | endre wikiteksten]