Daimí Pernía

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Daimí Pernía
Statsborgarskap Cuba
Fødd 27. desember 1976 (47 år)
Pinar del Río
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Daimí Pernía (fødd 27. desember 1976) er ein kubansk tidlegare friidrettsutøvar frå Pinar del Río som i 1999 vart verdsmeister på 400 meter hekk.

Pernía hadde svært stor framgang i 1999-sesongen. Den 10. juli vann ho langhekken ved universiaden i PalmaMallorca med den gode tida 53,95 sekundar. Endå meir imponerte ho vel to veker seinare då ho i panamerika-leikane i Winnipeg sigra på 53,44 sekundar, i ein meisterskap der ho også sprang Cuba i mål til siger i 4 x 4 00 meter stafett. Fire veker etter, den 25. august, gjorde Pernía under VM i Sevilla sitt livs løp og vann 400 meter hekk med 0,01 sekunds margin til Nezha Bidouane frå Marokko, den forrige verdsmeisteren. Sluttidene 52,89 og 52,90 vart ståande som personleg rekord for begge.

Under dei olympiske leikane i Sydney hausten 2000 hamna Pernía på fjerdeplassen på langhekken, ho kom i mål på 53,68 sekundar, 0,11 sekund bak bronsevinnar Bidouane, russiske Irina Privalova vann gullet på 53,02 sekundar. Året etter kneip Pernía bronsemedaljen ved VM 2001 i Edmonton, trass i den heller svake tida 54,51 sekundar. Sidan i karrieren makta ho ikkje å hevde seg i dei største internasjonale meisterskapane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]