Daja kraftverk

Koordinatar: 67°5′17.66″N 16°3′24.73″E / 67.0882389°N 16.0568694°E / 67.0882389; 16.0568694
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

67°5′17.66″N 16°3′24.73″E / 67.0882389°N 16.0568694°E / 67.0882389; 16.0568694

Daja kraftverk
Foto: PeltonMan

Daja kraftverk er eit vasskraftverk som nyttar fallet mellom Kjelvatnet og Dajavatn i Sulitjelma på 151 meter.

Kraftverket vart bygd i 1958 av Balmi Kraftlag der Sulitjelma gruber var hovudaksjonær med 60% og det som seinare skulle bli Salten kraftsamband eigde 40%. I 1983 fall bergverkskonsesjonen til staten og dermed òg eigarskapen til vassdraget. SKS dreiv kraftverket på vegne av staten fram til 1997, då dei fekk kjøpt statens andel i anlegget.

På grunn av den tidlegare gruveverksemda i bygda og håp om ny drift, er det enno ein klausul om at inntil 30 GWh/år skal kunne nyttast til sjølvkostpris ved eventuell ny gruvedrift.

Dajavatn er for ein liten dam å rekne, slik at produksjonen må koordinerast med Fagerli kraftstasjon som nyttar fallet frå Dajavatn og ned til Langvatnet.

Kraftverket har i dag ein nominell årsproduksjon på 157 GWh/år frå eit nedslagsfelt på 404,6 km².

Eigar og operatør er Salten kraftsamband.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]