Daløy-Haldorsneset
Daløy-Haldorsneset er eit ferjesamband i Solund kommune mellom Daløy og Ytre Sula. Ruta vert driven av Fjord1 og tar kring 8 minuttar med 16-17 avgangar kvar dag.
Ferjesambandet gjekk opphavleg frå Daløy til Nåra på Ytre Sula og opna i 1974. Sambandet knytte Indre og Ytre Solund saman. Det hadde i mange år vorte drive skyssbåt over sundet då fiskaren Rolf Trovåg kjøpte bilferja MF «Fusa» og døypte ho MF «Nårasund». Kommunen og fylke gav støtte til drifta av ferja og i 1979 tok Fylkesbaatane over drifta. Samstundes sette selskapet inn ferja MF «Valsøy», som fekk namnet MF «Nårasund». Denne ferja gjekk i ruta fram til 1992, då ferja MF «Kvinafjord» (opphavleg MF «Møysalen» frå 1968) vart sett inn i ruta. Denne ferja går her enno, òg denne med namnet MF «Nårasund».
I 2006 vart ferjeleiet på Haldorsneset opna og dette korta ned ferjestrekninga i stor grad. Turen tar i dag kring åtte minuttar.
I 2010 vart sambandet plukka ut til eit treårig forsøk med gratis ferje.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Fylkesleksikon Sogn og Fjordane. «Ferjesambandet i Ytre Sula». Henta 21. april 2014. Parameteren
|Utgjevar=
er ikkje støtta av malen. Meinte du|utgjevar=
?) (hjelp) - «Ferjestader i Sogn og Fjordane» (tysk). Fjordfähren. Henta 21. april 2014.