Dalby

Koordinatar: 55°39′50.119″N 13°20′45.780″E / 55.66392194°N 13.34605000°E / 55.66392194; 13.34605000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

55°39′50.119″N 13°20′45.780″E / 55.66392194°N 13.34605000°E / 55.66392194; 13.34605000

For kjende personar med etternamnet Dalby, sjå familienamnet Dalby
Heilage kross-kyrkja i Dalby

Dalby er ein landsby i Lunds kommun i Skåne län i Sverige, omtrent ti kilometer aust-søraust for Lund, og omtrent 20 kilometer aust-nordaust for Malmö. Innbyggjartalet var 5 517 i 2005.

Landsbyen har ei av dei eldste (kan hende den eldste) steinkyrkjene i Skandinavia, Dalby kyrka, og var i den tidlegaste kristne tida eit religøst sentrum og bispesete, før Lund tok over.

På tusentalet kan Dalby ha vore ein konkurrent til Uppåkra og Lund som eit maktsentrum i sørvestre Skåne, som i mellomalderen var ein lut av Danmark. I 1060 byrja den danske kongen Svend Estridsen å skipe eit religiøst senter i Dalby, og bygde ein kongebustad her. Skipet i den noverande steinkyrkja er frå same tid. Svend Estridsen blei seinare gravlagd i Dalby. Frå 1060 var Dalby bispedøme under biskop Egino, men så tidleg som i 1066 blei bispedømet flytta til Lund.

Den svenske kontrabassisten Dan Styffe er fødd i Dalby.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dalby