Dale-Gudbrands gard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°32′56″ N 9°57′58″ E

Ein av gravhaugane ved Hundorp

Dale-Gudbrands gard ligg på Hundorp i Sør-Fron kommune i Gudbrandsdalen. Han vart vald til tusenårsstad i Oppland i 1999.

Dale-Gudbrand og Olav den Heilage teikna av Halfdan Egedius

Garden er rik på fornminne, mellom anna fleire gravhaugar og steinsettingar. I følgje kongesogene til Snorre Sturlason møtte Olav Haraldson hersen Dale-Gudbrand på garden i 1021. Olav Haraldson lurte Dale-Gundbrand og bondehæren hans til å sjå bort frå torsbiletet ved å seia; «Sjå, der kjem vår gud med stort lys!» og peike på soloppgangen i aust. Samtidig tok ein av mennene til Olav Haraldson, Kolbein den sterke og knuste torsbiletet med klubba si. Det vart starten på innføringa av kristendommen, og Dale-Gudbrand måtte seinare bygge ei kyrkje på garden sin. Klubba til Kolbein den sterke er også avbilda i Sør-Fron sitt kommunevåpen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]