Dalen gard

Koordinatar: 63°7′28.459″N 7°43′56.334″E / 63.12457194°N 7.73231500°E / 63.12457194; 7.73231500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

63°7′28.459″N 7°43′56.334″E / 63.12457194°N 7.73231500°E / 63.12457194; 7.73231500

Våningshuset

Dalen gård i Kristiansund er ein godt bevart lystgard frå slutten av 1700-talet, freda av Riksantikvaren i desember 2013 av di bygningane er rekna for å vere av nasjonalt verde.

Dalen gård vart etablert som eit løkkebruk for den skotske kjøpmannen Walter Miln, og er eit godt døme på korleis den lokale byggjeskikken vart påverka av dei impulsane utanfrå som klippfisknæringa og handelen med utlandet gav. Anlegget er eit rekkjetun med hovudbygning, låve, mjølkekjellar, leikestove, møkkjellar, smie, hage og allé. Interiøret i hovudbygningen er særs viktig. I salen i andre høgda er det i alt 17 unike veggmåleri av ein ukjend kunstnar, med motiv henta frå religion, etikk, astronomi og kunst.

Bygningar ved garden[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]