Dalen på Fitjar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dalen
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fitjar
Postnummer 5419 FITJAR
Gardnummer 39

Dalen er ein gard på øy Ålforo i Fitjar kommune. Garden ligg nord på øya i ein liten dal, som har gjeve namn til garden. Namnet var i 1725 skrive Aalforen etter øya, og Dahlen i 1744. Seinare har berre namnet Dalen vorte nytta, som òg er dagleguttalen.

Opphavleg var Dalen ein husmannsplass under Fitjargarden til 1755 då eigaren Ola Michelsen Tosche selde han til ein av brukarane. Seinare har brukarane sjølv eigd garden.

Ein har mellom anna funne ein flintodd frå steinalderen på Dalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Simon Steinsbø (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge. 1. Fitjar. s. 295-296.