Den Nordske Dale-Viise

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dalevisa)
Faksimile av tittelblad på trykk av Dalevisa, Kjøbenhavn 1683

Den Nordske Dale-Viise eller Dalevisa er ei vise skriven av Petter Dass og trykt i 1683; det einaste av produksjonen hans vi veit vart trykt i forfattarens levetid. Visa er på 29 vers og er ei munter realistisk skildring av folkeliv på indre Helgeland.

Visa begynner med orda «Fjellbyggen acter paa Tiden». Når forfatteren på tittelbladet opplyser at visa «Siungis med den Thone: Bonden han acter paa Tiden, etc.», forstår vi at ideen til visa ikkje er original. Petter Dass har henta både melodi og idé frå denne danske visa — som igjen er ei etterlikning av ei eldre svensk vise. Dalevisa handlar litt om levevegen til folk, men mest om ureinslegheit, sedløyse og nabokrangel.

Dalevisa er skriven på dansk, men forfatteren har brukt nokre norske ord i folkelivsskildringane. Ortografien — og til ein viss grad ordvalet — varierer litt med ulike utgåver, og det kan sjå ut til at boktrykkarane i Kjøbenhavn har misforstått og forvanska nokre norske ord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]