Dalia kibbutz
Dalia | |||
kibbutz | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Ramat Menashe | ||
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Megiddo | ||
Koordinatar | |||
Grunnlagd | 1. mai 1939 | ||
- Grunnlagd av | Hashomer Hatzair | ||
Tilhøyrsle | Kibbutz-rørsla | ||
![]() Dalia kibbutz | |||
Wikimedia Commons: Dalia (Kibbutz) | |||
Nettstad: www.dalia.org.il | |||
Dalia (דַּלִיָּה) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg i Galilea kring 30 km søraust for Haifa, og høyrer til Megiddo regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 737.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Kibbutzen Dalia vart skapt då to samfunn knytt til Hashomer Hatzair slo seg til. Den første kibbutzen BaMa'ale, bestod av medlemmar frå Romania og Transilvania. Mange av dei fekk opplæring i jordbruk og industri i heimlanda sine, før dei emigrerte. Dei første immigrantane kom til Israel i 1933, og heldt seg hovudsakleg i Magdiel og Kfar Malal i Hadar Ramatayim. Dei arbeidde med jordbruk og forskjellige andre jobbar medan dei venta på løyve frå Jewish Agency til å slå seg ned permanent. Den andre kibbutzen, BaMifne i Karkur, bestod av medlemmar frå Tyskland. Før dei emigrerte, fekk dei fleste opplæring i jordbruk i Danmark, medan andre hadde studert i Tyskland, Frankrike og England. Dei første medlemmane immigrerte i 1933, medan andre kom til Bamifneh, busetnaden der dei ønskte å grunnleggje den nye kibbutzen sin. Avgjersla om å slå saman dei to kibbutzane vart gjort av leiinga av Hashomer Hatzair den 26. april 1939. Fleire dagar seinare, den 1. mai, slo dei to kibbutzane seg ned i Ramat Menashe for å byggje ein sjølvstendig kibbutz. I 1947 hadde landsbyen 320 innbyggjarar.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Dalia (kibbutz)» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 29.