Dalilah Muhammad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dalilah Muhammad

Dalilah Muhammad, dos Estados Unidos, vence os 400m com barreiras nos Jogos Rio 2016.jpg

Statsborgarskap USA
Fødd 7. februar 1990 (33 år)
New York by
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2016 – 400 meter hekk kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 400 meter hekk kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 4 × 400 meter stafett kvinner

Dalilah Muhammad (fødd 7. februar 1990) er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå New York City som vart olympisk meister i 400 meter hekk under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro og verdsmeister i same øvinga i Doha i 2019. I tillegg har ho vunne VM-gull 2019 og OL 2021 i 4 x 400 meter stafett.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Muhammad sette personleg rekord med 53,83 sekundar då ho i 2013 vart USA-meister i Des Moines. Under VM i Moskva tok ho sølvmedaljen framfor landskvinna Lashinda Demus, begge fullstendig parkert av tsjekkiske Zuzana Hejnová.

Etter eit par sesongar med svakare prestasjonar, vann Muhammad i Eugene den USA-amerikanske meisterskapen på sterke 52,88 sekundar. Mindre enn to månader seinare sikra ho seg gullmedaljen i 400 meter hekk under Sommar-OL i Rio de Janeiro. 23. juni 2017 forsvarte Muhammad i Sacramento den nasjonale meistertittelen på langhekken med den glitrande tida 52,64. Ho var favoritt til å vinne VM-gull i London, men vart der klart slått av landskvinna Kori Carter.

I VM-finalen på langhekken i Doha 2. oktober 2019 sette Muhammad verdsrekord med tida 52.16, sterkt pressa av landskvinna Sydney McLaughlin. To dagar seinare sprang dei to kvar sin etappe for USA-mannskapet som vann gull i 4 x 400 m stafett. 4. august 2021 kjempa dei same to utøvarane om sigeren på 400 meter hekk under Sommar-OL i Tokyo, McLaughlin forbetra verdsrekorden til 51,46 sekundar, også Muhammad på andreplass presterte livsbeste med sine 51,58. I OL-finalen i 4 x 400 m stafett sprang McLaughlin og Muhammad på ny USA inn til gull.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2013 i Moskva: Sølv i 400 m hekk – 54,09, bakom Zuzana Hejnová (52,83)
  • OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje i 400 m hekk – 53,13, framom Sara Petersen (53,55)
  • VM 2017 i London: Sølv i 400 m hekk – 53,50, bakom Kori Carter (53,07)
  • VM 2019 i Doha: Gull i 400 m hekk – 52,16, framom Sydney McLaughlin (52,23). Gull i 4 x 400 m stafett (3.18,9)
  • OL i 2021 i Tokyo: Sølv i 400 m hekk – 51,58, bakom Sydney McLaughlin (51,46). Gull i 4 x 400 m stafett (3.16,8)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]