Dalma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 24°31′N 52°18′E
Dalma
øy
Land Flag of the United Arab Emirates.svg Dei sameinte arabiske emirata
Koordinatar 24°31′N 52°18′E
Folketal 10 000
United Arab Emirates location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Dalma (island)

Dalma er ei øy i Persiabukta, kring 42 km frå kysten av Abu Dhabi i Dei sameinte arabiske emirata, og 116 km frå Doha. Abu Dhabi Islands Archaeological Survey, ADIAS, gjorde arkeologiske undersøkingar av Dalma i 1992. Dei fann meir enn 20 arkeologiske stader, frå sein steinalder. Folketalet på øya i dag er kring 10 000, dei fleste saudiarabarar og qatararar, som har fått emiratarabisk borgarskap. Øya har mange private gardar for den regjerande familien i Abu Dhabi. Den avdøde Abu Dhabi-sjeiken Zayed al-Nahyan hadde eit palass her.

Øya vert betjent av Dalma lufthamn og i dei siste åra har det blitt ferjesamband til fastlandet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]