Dalneretsjensk
| Dalneretsjensk | |||
| Дальнереченск | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Primorskij kraj | ||
| Areal | 111 km² | ||
| Folketal | 23 028 (2023)[1] | ||
| Grunnlagd | 1894 | ||
| • Bystatus | 1917 | ||
| Postnummer | 69213X | ||
| Retningsnummer | +7 423 56 | ||
| Bilnummer | 25, 125 | ||
![]() Dalneretsjensk 45°56′00″N 133°44′00″E / 45.933333333333°N 133.73333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Dalnerechensk-Iman | |||
Dalneretsjensk (russisk Дальнере́ченск) er ein by i Primorskij kraj i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Byen ligg berre fem kilometer frå den kinesiske grensa, rundt 350 km nord for Vladivostok (vegavstand 430 km).
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart grunnlagd av kosakkar i 1895 og han vart raskt eit tømmersenter på grunn av den storvokste gran- og furuskogen i området. Han fekk bystatus i 1917.
Byen vart opphavleg kalla Iman (russisk: Иман, koeransk 언만, Unman, kinesisk 伊曼, Yiman). Det russiske namnet vart endra til Dalneretsjensk (som tyder ein stad ved ei elv langt borte i 1972), som ein del av ein kampanje for å feste sovjetisk suverenitet i regionen. På kinesisk vert framleis namnet Yiman nytta.
Det er ein minnested i byen der grensevaktane som døydde under den kinesisk-sovjetiske grensekonflikta på Damanskijøya i 1969 er gravlagd.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Den årlege temperaturnormalen i byen er +1,5 °C. Temperaturnormalen i juli er +20,7 °C, i januar −17,7 °C.
Økonomi og næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Økonomien i byen er dominert av verksemder innan treforedling, som Primorskij DOK, JSC Dalneretsjenskij Lesokombinat og andre.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Dalneretsjensk» frå Wikipedia på bokmål, den 4. februar 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
