Dalsøyra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dalsøyra
Kaien på Dalsøyra
Foto: Bjarne Thune
Butikken på Dalsøyra
Foto: Bjarne Thune
Telegrafstasjonen
Foto: Bjarne Thune

Dalsøyra er ei bygd i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg på austsida av Eidsfjorden, ved munningen av Moldeelva.

Her finst barnehage, skule med barne- og ungdomstrinn og butikk.

Den første landhandelen på Dalsøyra opna i 1902 av Isak Breidvik som også var damskipsekspeditør da fylkesbåtane fekk stoppestad her. Dampskipskaia vart bygd i 1911. Frå 1904 var Isak Breidvik og ansvarleg for ein telegrafstasjon inntil ca. 1920 da han vart flytta og staten tok over drifta.

Dalsøyra vart eigen poststad i 1905, og den første postopnaren var John J. Kjellevoll.

Dalsøyra har ei flystripe for mikrofly, Rompene Airport, som etter siste utbetring måler 210x20 meter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 60°55′58″N 05°08′09″E