Dalsfjord kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dalsfjord kyrkje
kyrkje
Foto: Henny Stokseth
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Søre Sunnmøre prosti
Type Krosskyrkje
Arkitekt Ole Havnæs
Material Tre
Innvigd 1910
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 400
Kart
Dalsfjord kyrkje
62°07′27″N 5°56′36″E / 62.1243°N 5.9433°E / 62.1243; 5.9433
Wikimedia Commons: Dalsfjord kirke

Dalsfjord kyrkje er ei krosskyrkjeDravlaus i Dalsfjord i Volda kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1910 og bygd i treverk (tømmer). Ho vart vigsla av biskop Johan Willoch Erichsen.[1] Arkitekt var Ole Havnæs.

Lars Kinsarvik måla altartavla. Ho syner Jesus i bøn. Motivet er det same som han måla i Vartdal kyrkje , og som er ein reproduksjon av altartavla i Johanneskirken i Bergen, måla av Marcus Grønvold i 1894.[2] Kinsarvik sytte og for annan dekor i kyrkja. Orgel vart innsett av Bernt M. Haugen og Lars E. Ulvestad som dreiv orgelfabrikk i Ulvestadbygda.[1]

Kyrkja har 400 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Andre kyrkjer i Volda[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Dalsfjord kyrkje, Dravlaus», s. 303

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Dalsfjord sogenemnd: Dalsfjordsoga 1967
  2. Lidén, Magerøy ; Norges Kirker, Oslo 1983

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]