Dame

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Damer er kvinnfolk som litet eller ingenting gjera

Vinje, Skrifter i samling II s. 200

Dame (frå seint norrønt damma gjennom fransk frå latin domina 'herskarinne') er ein tidlegare adelstittel som i moderne norsk viser til ei vaksen kvinne.

Ordet dame var gjennom lange tider ein tittel for for gifte adelege kvinner. I nyare tradisjon har ordet dame vore bruka om vaksne kvinner av høgre samfunnslag eller som viser teikn på ei standsmessig daning. I vår tid kan ordet bli brukt om alle vaksne kvinner, utan streng sosial gradering, men likevel slik at det i mange samanhengar vert assosiert med kvinner av høg sosial rang.

Annan bruk av ordet[endre | endre wikiteksten]

Ordet dame vert òg bruka om eit biletkort i kortstokken med talverdien tolv, mellom konge og knekt.

I Storbritannia er Dame den kvinnelege varianten av ærestittelen Sir.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]