Damestenen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 55°10′54.36″N 10°45′38.52″E Damestenen, som òg vert kalla Dammestenen eller Hesselagerstenen, er den største flyttblokka i Danmark. Han består av raudgrå gneis og er 12,5 meter høg. Omkrinsen er 45,8 meter og volumet 370 m³ med ei vekt på over 1000 tonn. Han ligg ved Hesselagergård på Fyn og er freda.

Segna fortel at ei kjempe frå Langeland ville knuse Svindinge kirke, men slynga gjekk i stykke, og steinen hamna ved Hesselager. Ei anna segn fortel at det var ei trollkvinne som kasta steinen. Det blir òg fortalt at steinen var mykje mindre då han vart kasta, for han skal vekse kvar gong han luktar nybakt brød.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]