Damian Warner
Damian Warner | |
Statsborgarskap | Canada |
Fødd | 4. november 1989 London |
Idrett | friidrett |
Yrke | friidrettsutøvar, tikjemper |
Damian Warner (fødd 4. november 1989) er ein kanadisk mangekjempar fødd i London i Ontario. Han vann VM-sølv i tikamp i 2015, og bronse i same tevlinga under VM 2013 så vel som OL 2016.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Warner forbetra sitt personbeste med over 300 poeng då han vart femtemann i tikampen under OL 2012 i London. Året etter forbetra han i Moskva-VM den personlege rekorden til 8 512 poeng og tok bronsemedaljen. Med 8 282 poeng vann Warner tikampen under samveldeleikane 2014 i Glasgow.
Ved verdsmeisterskapen i Beijing sanka Warner 8 695 poeng, sette kanadisk rekord og tok sølvmedaljen bak den suverene vinnaren, Ashton Eaton frå USA. I 2016 sikra Warner seg bronsemedaljen under sommarleikane i Rio de Janeiro. Han forbetra den kanadiske rekorden til 8 795 poeng då han i slutten av mai 2018 vann meistermøtet i Götzis, også i 2019 steig han til topps på sigerspallen i Götzis-stemnet.
Warner sigra i tikampen ved panamerika-leikane 2015 i Toronto. I 2019 forsvarte han i Lima tittelen som panamerika-meister.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- OL 2012 i London: Nr 5 – 8 442 poeng
- VM 2013 i Moskva: Bronsemedalje – 8 512 poeng
- VM 2015 i Beijing: Sølvmedalje – 8 695 poeng – bakom Ashton Eaton (9 045 poeng)
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Bronsemedalje – 8 666 poeng
- VM 2017 i London: Nr 5 – 8 309 poeng
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Damian Warner» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2019.