Dammam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 26°17′N 50°12′E
Dammam
الدمام
by
Dammam medical complex 2014-01-19 22-43.jpg
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Koordinatar 26°17′N 50°12′E
Areal 800 km²
Folketal 1 033 597 (2012) [1]
 - storby 4 140 000
Borgarmeister Dhaifallah Al-'Utaybi
Postnummer 314XX
Retningsnummer 013
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Dammam

Dammam (arabisk الدمام, ad-Dammām) er ein by i Austprovinsen i Saudi-Arabia. Han er det administrative senteret i provinsen og fleire statlege institusjonar ligg i byen. Dammam er den største byen i Austprovinsen, og den femte største i Saudi-Arabia, etter Riyadh, Jeddah, Mekka og Medina. Han er senter i Dammam storbyområde, som er det tredje største storbyområdet i Saudi-Arabia, med eit estimert, samla folketal på over 4 100 000 i 2012. Dammam storbyområde, eller Stor-Dammam, består av nabobyane Dammam, Dhahran og Khobar. Desse try byane vert stundom kalla «Trippelbyane». Stor-Dammam omfattar òg fleire mindre byar som Al Qatif, Safwa og Ras Tanura, med eit samla folketal på 5 212 000 i 2012. Byen veks særs raskt, kring 12 % i året - som er raskast i både Saudi-Arabia og Den arabiske verda. Byen har ein sunnimuslimsk folkesetnad.

Dammam storbyområde og resten av Austprovinsen ligg nær King Fahd internasjonale lufthamn (KFIA), den største flyplassen i verda etter areal (kring 780 km2). Han ligg kring 20 km nordvest for byen. King Abdul Aziz hamn, som ligg i Dammam, er den største i Persiabukta. Traffikken av varer inn og ut av hamna er enst størst i Midt-Austen og Nord-Afrika etter hamna i Jeddah.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dammam vart først busett av ein familie frå Al Bin Ali-klanen og fleire persiske Howela-familiar tidleg i 1923. Albinali-familien, leia av sjeik Nasir Ahmad Albinali, vart invitert av kong Abdul Aziz frå Bahrain til å kome og busetje seg Dammam. AlDossary-familiane leia av sjeik Ahmed Ibn Abdullah ibn Hassan Al Dossary flytta frå Bahrain og fekk sjølv velje kvar dei skulle busetje seg av kongen. Dammam vart valt fordi området låg nær øya Bahrain, der klanen håpte dei skulle vende attende etter kort tid, men det britiske styret i regionen gjord det vanskeleg for dei å flytte, så dei slo seg ned i Dammam for godt. Fleire år seinare flytta bror til Ahmed sørover, der han og familien slo seg ned i Al Khobar, som på den tida alt var busett. Dette gjorde at Khobar fekk tette band til den større byen Dammam.

Då det moderne kongedømet Saudi-Arabia vart grunnlagd i 1932, låg det fleire grender i området, som levde av fiske og perler. I løpet av berre 50 år, har området utvikla seg til eit blømande senter for industri, handel og vitskap, og har meir enn ein halv million innbyggjarar. Området vart omforma då det vart oppdaga store mengder olje. Austprovinsen ligg over eit av dei største oljefelta i verda, og det var har i Dhahran i 1936 at Aramco, fann kjende Dammam nr. 7-brunnen, som avgjorde at saudiarabarane hadde store mengder hydrokarbonar.

Då det vart oppdaga nye oljefelt sør, vest og nord for Dammam i 1940- og 1950-åra, som står for kring ein fjerdedel av dei kjende oljereservane i verda, førte det til stor vekst i byen. Albinali-familien, leia av sjeik Muhammed Nasir Albinali og brørne, spelte ei viktig rolle i utviklinga av byen Dammam og Austprovinsen. Ekspertar og ingeniørar frå heile kongedømet og verda kom for å delta i oljeleitinga. Det måtte installerast nye oljerøyrleidningar, lagringsanlegg og kaianlegg for å ta i mot store tankskip. Dei mange ekspertane som arbeidde i Dhahran trengde bustader, sjukehus, skular for barna og andre tenester. Etter kvart vart Dhahran hovudkvarteret til Saudi Aramco, det største oljeselskapet i verda.

Motorveg i Dammam.

Veksten til oljeindustrien i regionen hadde ein liknande effekt på fiskelandsbyen Dammam og grenda Al-Khobar. To tiår etter det vart oppdaga olje, hadde leirsteinshyttene til fiskarane blitt byta ut med betongbygg, moderne hus, motorvegar og eit gatelandskap. Aust for Dhahran ved kysten av Persiabukta, vart Al-Khobar ei kort stund utskipingshamn for saudiarabisk råolje til raffineriet i Bahrain. I åra fram til andre verdskrigen, var den saudiarabiske oljeproduksjonsn særs avgrensa, og sidan selskapet ikkje hadde eit eige raffineri, vart det meste av olja sendt i små tankskip til Bahrain. Med bygginga av ei røyrleidning til Bahrain og utvidinga av oljeindustrien i etterkrigsåra, vart fokuset på skipsfart og oljeindustri flytta frå Al-Khobar og nordover til Dammam og Ras Tanura, eit av dei største oljelagrings- og oljeutskipingssentra i verda, kring 25 km nord for Dammam.

Tidleg i 1980-åra var Dammam ein fråskild by, men likevel så nær Al Khobar og Dhahran at ein kunne reise mellom dei på få minutt. Etter det vart oppdaga olje i Dhahran og nærliggande område, vart Dammam påverka av dette meir enn nokon annan by i Saudi-Arabia. I løpeg av tre tiår hadde den vesle fiskelandsbyen blitt hovudstaden i Austprovinsen. Dammam, Dhahran og Al-Khobar voks saman til eit storbyområde, som i dag blir kalla Dammam-området.

Dammam og Khobar

For å fremje veksten til industriar som ikkje var basert på olje, vart det oppretta eit industriområdet i det opne området mellom dei tre byane. I dag er det meir enn 124 fabrikkar i dette området, totalt områda av byområde. Derfor vart det oppretta eit nytt industriområde lenger unna Dammam-området, langs hovudvegen til Riyadh. Det andre industriområdet har nesten 120 fabrikkar, og det er planlagt 160 fabrikkar til.

Veksten i regionen har ført til at ein trengde ein større og meir moderne flyplass for å erstatte Dhahran internasjonale lufthamn. Den nye King Fahd internasjonale lufthamn, som ligg 20 km nordvest for Dammam, tener i dag området.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Dammam har eit varmt ørkenklima i Köppen si klimaklassifisering (BWh).[2] Vintertemperaturane er frå mild til varm, men temperaturen kan falle til kring 8 °C somme dagar. Somrane er særs varme, som er typisk for Vest-Asia og temperaturane når som regel 40 °C to månader i strekk.

Det er generelt lite regn i Dammam, og det vesle som kjem, kjem i desember. Stundom kan det regne godt om vinteren, og dette har ført til oversvømde vegar. Det har òg vore fleire tilfelle med hagl. Kraftig torevèr er ikkje uvanleg om vinteren. Torevêret i desember 2008 gav 76 mm regn.

Stundom oppstår det sandstormar om sommaren som kjem frå ørkenane på Den arabiske halvøya eller frå Nord-Afrika.

Den høgaste temperaturen som er registrert var 51 °C den 31. mai 1992, medan kulderekorden er 1 °C den 7. januar 1992.[3]

Klimadata for Dammam
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 36 36 41 46 51 50 51 51 49 45 41 32 51
Normal maks. temp. °C 21 23.8 29.1 32.4 39.6 41.2 44.0 42.7 40.5 36.4 28.9 23 33,6
Døgnmiddeltemp. °C 15.7 17.1 20.6 25.5 30.4 33.4 34.9 34.4 32.4 27.8 22.5 17.9 26,1
Normal min. temp. °C 9.6 11.4 14.6 19.9 24.9 27.0 29.3 28.4 25.3 21.2 16 11.3 19,9
Kulderekord °C 1 3 5 7 11 19 20 19 17 10 7 1 1
Nedbør (mm) 22.1 6.9 5.1 12.7 3.3 0 0 0 0.4 0.1 18.2 21.3 90,1
Kjelde nr. 1: World Meteorological Organization (2001-2010) [4]
Kjelde nr. 2: Climate-Data.org (høgd 12m) for normaltemepraturar,[2] Voodoo Skies for temperaturrekordar[3]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Mat[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane i Dammam er ei blanding av fleire etniske grupper og nasjonalitetar. Denne blandinga har hatt innverknad på det tradisjonelle kjøkenenet i Dammam.

Kabsa er populært blant folk i Dammam, ofte med kylling i staden for lam. Jemenittisk mandi er eit populært lunchmåltid. Hejaz-mat er òg populært og rettar som mabshoor, mitabbak, foul, areika, hareisa, kabab meiroo, shorabah hareira (hareirasuppe), migalgal, madhbi (kylling grilla på stein) madfun (tyder bokstavleg gravlagt), magloobah, kibdah, manzalah (vanlegvis eten under Eid ul-Fitr), ma'asoob, magliya (Hijaz-versjonen av falafel), saleeig (Hijazi-rett laga av rismjølk), hummus, biryani, ruz kabli, ruz bukhari, saiyadyia, er mogeleg å få i dei mange tradisjonelle restaurantane kring byen.

Grilla kjøt har ein god marknad i Dammam, som shawarma, kofta og kebab. Under ramadan er sambousak og ful er dei mest populære rettane i skumringa. Desse finn ein i dei fleste libanesiske, syriske og tyrkiske restaurantar.

Internasjonal mat er òg populært i byen. Amerikanske kjeder som Pizza Hut, McDonald's, Burger King, Domino's Pizza og KFC finst over heile Dammam, i tillegg til meir eksklusive kjeder som Chili's, Applebee's og TGI Friday's. På grunn av dei mange sørasiatiske immigrantane finn ein òg indisk, pakistansk, filippinsk, kinesisk, japansk og anna austasiatisk mat. Europeiske restaurantar som italiensk og fransk finn ein òg i byen.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Dammam har to fotballklubbar, Ettifaq FC og Al-Nahda

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dammam