Damn the Torpedoes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Damn the Torpedoes
Studioalbum av Tom Petty and the Heartbreakers
Utgjeve 19. oktober 1979
Innspelt Sound City, Van Nuys
Cherokee Studios, Hollywood
1978–79
Sjanger Heartland rock, rock and roll
Lengd 36:38
Selskap Backstreet, MCA, Geffen, UMe
Produsent Jimmy Iovine, Tom Petty
Tom Petty and the Heartbreakers-kronologi
You're Gonna Get It!
(1978)
Damn the Torpedoes Hard Promises
(1981)
Singlar frå Damn the Torpedoes
  1. «Don't Do Me Like That»
    Utgjeve: 5. november 1979
  2. «Refugee»
    Utgjeve: 11. januar 1980
  3. «Here Comes My Girl»
    Utgjeve: 7. april 1980

Damn the Torpedoes er det tredje albumet til Tom Petty and the Heartbreakers, gjeve ut i 1979. Dette var det første av tre Petty-album som vart gjeve ut på Backstreet Records, distribuert av MCA Records. Albumet gjorde det særs godt og nådde andreplassen på Billboard 200-albumlista.[1] I 2003 vart albumet rangert på 313. plassen (315. plassen i 2012) på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[2]

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Platekontrakten til Petty vart flytta til MCA, då det førre selskapet hans, Shelter Records og distributøren ABC Records, vart seld til MCA i 1979. MCA tok over rettane til den publiserte musikken til Petty, noko som gjorde han rasande. Han svarte med å erklære seg konkurs som ein taktikk for å oppløyse kontrakten med MCA.[3] Til slutt gav plateselskapet seg, og Petty forhandla ein avtale som let han få halde rettane til musikken sin og danne sitt eige selskap, Backstreet Records, produsert og distribuert av MCA. Albumet, som vart produsert i lag med Jimmy Iovine, vart spelt inn i Sound City Studios i Van Nuys og Cherokee Studios i Hollywood.[4] Tittelen er ein referanse til eit kjend sitat av admiral David Farragut: «Damn the torpedoes, full speed ahead!». Alle innspelingane til Petty for Backstreet vart gjevne ut på ny på MCA i 1988.

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[5]
Chicago Tribune3/4 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[6]
Robert ChristgauB+[7]
The Essential Rock Diskografi8/10[8]
MusicHound5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[9]
Rolling Stone5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[10]
The Rolling Stone Album Guide3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[11]
Virgin Encyclopedia of Popular Music4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[12]
Rolling Stone 500 Greatest albums313 av 500

Albumet vart det store gjennombrotet til Petty and the Heartbreakers. Det vart det første albumet deira som nådde topp 10 på albumlista i USA med ein andreplass, der låg dei i sju veker, berre hindra frå toppen av lista av Pink Floyd sitt The Wall).[1] To songar frå albumet nådde topp 15 på Billboard Hot 100 i USA, «Don't Do Me Like That» (#10) og «Refugee» (#15). Takka vere den nye medprodusenten Jimmy Iovine, vart Damn the Torpedoes eit stort sprang framover når det kom til produksjon.[5]

Albumet fekk generelt særs god kritikk. Den første meldinga i Rolling Stone kalla det «albumet me alle har venta på - i alle fall om ein er Tom Petty-fans.»[13] Seinare meldingar har halde eg til denne trenden og kalla det «eit av dei beste rockealbuma gjennom tidene»[5] og Rolling Stone sette det på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Refugee»  Petty, Mike Campbell 3:22
2. «Here Comes My Girl»  Petty, Campbell 4:27
3. «Even the Losers»  Petty 3:59
4. «Shadow of a Doubt (A Complex Kid)»  Petty 4:25
5. «Century City»  Petty 3:45
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
6. «Don't Do Me Like That»  Petty 2:44
7. «You Tell Me»  Petty 4:35
8. «What Are You Doin' in My Life»  Petty 3:27
9. «Louisiana Rain»  Petty 5:54
36:38
Bonusplate
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Nowhere»  Petty 3:38
2. «Surrender»  Petty 3:26
3. «Casa Dega»  Petty, Campbell 3:36
4. «It's Rainin' Again»  Petty 1:31
5. «Shadow of a Doubt (A Complex Kid)» (Live At Hammersmith Odeon, London, England/1980)Petty 4:42
6. «Don't Do Me Like That» (Live At Hammersmith Odeon, London, England/1980)Petty 2:49
7. «Somethin' Else» (Live At Hammersmith Odeon, London, England/1980)Eddie Cochran 2:28
8. «Casa Dega» (demo)Petty, Campbell 3:33
9. «Refugee» (Early Version)Petty, Campbell 4:32
30:15

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Heartbreakers:

Studiomusikarar:

Andre medverkande:

  • Jimmy Iovine – produsent
  • Tom Petty – produsent
  • Greg Calbi – mastering
  • Shelly Yakus – lydteknikar
  • John Mathias – assisterande lydteknikar
  • Thom Panunzio – assisterande lydteknikar
  • Gray Russell – assisterande lydteknikar
  • Skip Saylor – assisterande lydteknikar
  • Tori Swenson – assisterande lydteknikar

Plateomslag:

  • Lynn Goldsmith – fotografi
  • Dennis Callaghan – fotografi
  • Aaron Rapoport – fotografi
  • Glen Christensen – framsidefotografi
  • Tommy Steele – kunstnarisk leiar

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
Australian Album Chart[14] 15
Canadian RPM Album Chart[15] 2
Dutch Mega Album Chart[16] 27
New Zealand [17] 1
UK Album Chart [18] 57
USA Billboard 200[19] 2

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1980) Plassering
Australian Album Chart[14] 53
US Billboard Pop Album[20] 5

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Damn the TorpedoesAllmusic. Henta 11. mars 2015.
  2. 2,0 2,1 Levy, Joe; Steven Van Zandt (2006) [2005]. «313 | Damn the Torpedoes – Tom Petty and the Heartbreakers». Rolling Stone's 500 Greatest Album of All Time (3rd utg.). London: Turnaround. ISBN 1-932958-61-4. OCLC 70672814. 
  3. Tom Petty, Runnin' Down a Dream (film), 2007 documentary, @1:08:00.
  4. «Sound City Studio's Client List». Sound City Studios. Henta 11. mars 2015. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Erlewine, Stephen Thomas. Damn the TorpedoesAllmusic. Henta 11. mars 2015.
  6. Kot, Greg (1. september 1991). «Through The Years With Tom Petty». Chicago Tribune. Henta 11. mars 2015. 
  7. Christgau, Robert. «CG: Tom Petty and the Heartbreakers». Robert Christgau. Henta 11. mars 2015. 
  8. Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Diskografi. Edinburgh, UK: Canongate. s. 816. ISBN 978-184195-827-9. 
  9. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 870. ISBN 1-57859-061-2. 
  10. Zanes, Warren (16. september 2004). «The Rolling Stone Hall of Fame: The Greatest Album Ever Made Damn the Torpedoes > Album Review». Rolling Stone (957). s. 83. Henta 11. mars 2015. 
  11. Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. (2004). «Tom Petty: Album Guide». The Rolling Stone Album Guide. London: Fireside. ISBN 0-7432-0169-8. Henta 11. mars 2015. 
  12. «Tom Petty and the Heartbreakers Damn the Torpedoes». Acclaimed Music. Henta 11. mars 2015. 
  13. Swartley, Ariel (13. desember 1979). «Damn The Torpedoes». Rolling Stone (306). Henta 11. mars 2015. 
  14. 14,0 14,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970-1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  15. «Top Album/CDs - Volume 33, No. 1» (PHP). RPM. 29. mars 1980. Henta 1. mai 2014. 
  16. «dutchcharts.nl Tom Petty and the Heartbreakers - Damn the Torpedoes». dutchcharts.nl (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 1. mai 2014. 
  17. «charts.org.nz — Tom Petty and the Heartbreakers - Damn the Torpedoes». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 1. mai 2014. 
  18. «Tom Petty and the Heartbreakers: Artist: Official Charts». UK Album Chart. Henta 8. april 2014. 
  19. «Allmusic: Damn the Torpedoes : Charts & Awards : Billboard Album». allmusic.com. Henta 1. mars 2014. 
  20. Nielsen Business Media, Inc (20. desember 1980). Billboard.com – Year End Charts – Year-end Album – The Billboard 200.