Damokloide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Damokloidar er asteroidar som 5335 Damocles og 1996 PW som høyrer til Hally-familien eller som har lange banar med høg eksentrisitet lik periodiske kometar som Halleys komet, men som ikkje har ein koma eller komethale.

Det vert trudd at damokloidar er kjernane av Halley-type-kometar som har mista alle dei flyktige stoffa (gassane) etter gjentekne nærpasseringar av Sola. Slike kometar er tenkte å koma frå Oorts sky. Denne hypotesen er styrkt av at ei rekkje lekamar som ein trudde var damokloidar viste seg å utvikla koma og vart bekrefta å vera kometar. Desse var: C/2001 OG108 (LONEOS), C/2002 CE10 (LINEAR), C/2002 VQ94 (LINEAR), C/2004 HV60. Endå eit sterkt bevis er at ein fjerdedel av damokloidane har retrograde banar, ulikt dei fleste andre asteroidar.

I juli 2007 kjende ein til 36 damokloidar. Snittradiusen deira ligg på åtte kilometer. Albedoane til fire damokloidar har blitt målt, og dei er blant dei mørkaste objekta som er kjende i solsystemet. Damokloidar er raude i farge, men ikkje så raude som mange kuiperbelteobjekt eller kentaurar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]