Damphreux-Lugnez
| Damphreux-Lugnez | |||
| kommune | |||
St-Ferréol-et-Ferjeux-kyrkja | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Kanton | Jura | ||
| Distrikt | Porrentruy | ||
| Språk | fransk | ||
![]() Damphreux-Lugnez 47°29′05″N 7°05′55″E / 47.484722222222°N 7.0986111111111°E | |||
| Wikimedia Commons: Damphreux-Lugnez | |||
Damphreux-Lugnez er ein kommune i distriktet Porrentruy i kantonen Jura i Sveits.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Prosessen med å slå saman dei to kommunane Damphreux og Lugnez byrja i februar 2020 med opprettinga av ein kommisjon som hadde i oppgåve å utarbeida ein fusjonsavtale. Resultata blei presenterte på informasjonsmøte i mai og november 2021. Kantonregjeringa godkjende denne avtalen i desember 2021, og han blei presentert til folka i dei to kommunane 13. februar 2022. Avtalen blei vedteken i Damphreux med 81 til 21 stemmer (stemmedeltaking 70 prosent) og i Lugnez med 81 til 24 stemmer (stemmedeltaking 72 prosent).[1]
1. januar 2023 blei dei tidlegare kommunane Damphreux og Lugnez samla til den nye kommunen Damphroux-Lugnez.[2]
Transport
[endre | endre wikiteksten]Kommunen ligg ved to regionale vegar. Den eine fører frå Porrentruy gjennom Coeuve og Damphreux til Frankrike, den andre har gatenummer 246.1 og går gjennom kommunen på aksen Montignez-Beurnevesin. Ei bussrute frå Porrentruy til Beurnevésin gjer at dei to busetnadane i kommunen, Damphreux og Lugnez, er tilslutta offentleg transport.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Damphreux er del av eit katolsk kyrkjesokn i lag med Lugnez. Soknekyrkja Saints-Ferréol-et-Ferjeux er rekna som morkyrkja til Ajoie, sidan ho blei bygd på 1000-talet og er den eldste i regionen.[3] Det noverande kyrkjebygget er frå 1867, og er del av den sveitsiske lista over kulturminne av regional tyding.
I ein dal søraust for landsbyane ligg Étangs de Damphreux, to tidlegare fiskedammar.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Grensevakter i Lugnez under fyrste verdskrigen.
- Luftfoto frå 1950.
- Hus i Lugnez.
- Vatn i Damphreux-Lugnez
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Le message relatif à la fusion des communes de Damphreux et de Lugnez transmis au Parlement (på fransk), République et Canton du Jura, 2022-04-04, arkivert frå originalen 2023-08-17, henta 2023-08-17
- ↑ Applikation der Schweizer Gemeinden – Laufende Projekte – Abruf am 18. April 2022
- ↑ «Eglise de Damphreux - Cath-Ajoie», www.cath-ajoie.ch, henta 2025-02-05
- Denne artikkelen bygger på «Damphreux-Lugnez» frå Wikipedia på tysk, den 5. februar 2025.
