Lokomobil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Damplokomobil)
Lokomobil med nedlagt skorstein.

Lokomobil er ei nemning nytta om ei flyttbar dampmaskin, eller i nokre høve ein flyttbar råoljemotor. Slike maskinar vert nytta som drivkjelder for treskjeverk, sager, kverner, pumper, osb. Maskinane vart drivne frå ei reimskive, via ei flatreim. I England og Tyskland var det vanleg å utsyra dei vinsj, som så vart nytta for a trekkja vippeplogar, ofte kalla dampplogar.

Lokomobilar utan drift[endre | endre wikiteksten]

Lokomobil bygd ved Björneborg Mekaniska Werkstads AbB i Finland i 1913.

Dei fyrste lokomobilane var dampmaskiner utstyrte med hjul, som vart flytta med hestar. Ei av dei fyrste og viktigaste oppgåvene for lokomobilane var drift av treskeverk. Der fossekraft ikkje var tilgjengeleg hadde ein tidlegare nytta hestevandringar, men dette var hardt arbeid som sleit på hestane. Det var heller ikkje så lett å få hestane til gå med rett fart. Gjekk dei for sakte vart ikkje alle kjernane treska or kornet og gjekk dei for fort førte det til auka tap på grunn av at noko av kjernane vart blese ut saman med agnene.

Lokomobilar og treskjeverk vart kostbare maskinar, så det var vanleg at fleire gardar, eller ei heil grend, gjekk saman om kjøpet. Lokomobilen, treskjeverket, vassvogner og anna utstyr vart då transportert rundt i bygda med hestar. Å passa ein lokomobil kravde kunnskapar som ikkje alle hadde. Ein laut passa på å fyra høveleg for å halda rett damptrykk, etterfylla vatn på kjelen, fjerna sot frå eldrøyra og foreta reparasjonar når det var naudsynt. Denne jobben var difor utført av ein fast mann, som naut stor respekt. Det vart ikkje alltid nok vatn i brunnen, så det vart ofte nytta hestar for å henta vatn frå ein bekk, eller eit vatn. Til dette kunne ein nytta tynner, eller spesielle vassvogner. Kol var dyrt, så det var vanleg å fyra med ved.

Sjølvkøyrande lokomobilar[endre | endre wikiteksten]

Sjølvkøyrande lokomobil i Lysekil i 2012.

Dette var dampmaskinar som var utstyrte med kraftoverføring til eit hjulpar, slik at dei vart sjølvkøyrande. Dei kunne òg trekkja med seg eit treskjeverk, vassvogner o.l., men var tunge å manøvrera og var ikkje brukbare til arbeid som til dømes pløying. Dei skil seg difor frå damptraktorar, som vart nytta for å pløya opp prærien i Nord-Amerika.

Tidleg utvikling[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste sjølvkøyrande lokomobilen stammar frå 1834, då John Heatcoat bygde ein beltegåande lokomobil, som var tenkt nytta for å pløya opp blaut myr [1]. Belta på denne lokomobil var laga av treplater som vart heldt saman av kraftig kanvas og maskina var utstyrt med vinsjar som drog plogar. Denne maskina vart ingen suksess og ein trur at ho vart ståande ute på ei myr til ho sokk ned.[1]

Drift av treskeverk[endre | endre wikiteksten]

Drift av treskeverk med lokomobil.

Flyttbar lokomobilar hadde vore i bruk før sjølvgåande maskinar kom på marknaden, med dei sjølvgåande lokomobilar gjorde det lettare å flytta frå gard til gard. Forutan at dei køyrde sjølv kunne dei sjølvkøyrande lokomobilane trekkja treskeverket og anna utstyr etter seg, så ein trong ikkje nytta hestar til transporten.

Det var berre storgardar som hadde råd til å investera i lokomobilar, så dei fleste vart kjøpte av entreprenørar eller maskinlag som så tok på seg tresking for mange gardbrukarar og slik spreidde kostnadane mellom dei. Forutan lokomobilen og treskeverk var det vanleg at entreprenøren stilte med maskinist, fyrbøtar, osb. Men det var ofte gardbrukaren som var ansvarleg for å skaffa brensle og vatn. Det gjekk mykje vatn, som ofte måtte hentast med hest frå næraste vatn, eller bekk.

Pløying med vinsjdregne plogar[endre | endre wikiteksten]

Vippeplog.
Vinsjen på ein Fowler lokomobil.

Lokomobilane var store og tunge og hadde lett for å køyre seg fast på blaut underlag. Dessutan gjekk mykje av effekta med til å trekkja maskinane, så det vart ikkje så stor effekt på trekkbommen. Dei var òg tunge å manøvrera på små areal. I Storbritannia og Tyskland, men òg i andre europeiske land, var det difor på 1800-talet vanleg å montera ein kraftig vinsj som vart nytta til å trekkja vippeplogar med ståltau.[1] [2] Lokomobilane arbeidde ofte i par, med ein lokomobil på kvar side marka som skulle pløyast. Når den eine drog plogen mot seg, gjekk den andre på tomgang og gav ut ståltau. Når ein nytta berre ein lokomobil vart det nytta eit jordanker på den eine sida [1].

Om vinteren, frå november til mars, var marka for våt til at dei tunge lokomobilane kunne nyttast til pløying.[3] Tida vart då nytta til ettersyn og reparasjon, men òg for å drive treskjeverk.

Ved å bytta ut vippeplogen med ei skuffe kunne dei òg nyttast til drenering av dammar og kanalar. Det var då vanleg å ha ein lokomobil på kvar side, slik at skuffa kunne fyllast i begge retningar. Ei slik skuffe kunne ta nokre tonn med masse.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Haining, J. og Tyler, C., Ploughing by steam, Model & Allied Publications Ltd., 1970.
  2. Rayner, D., Traction engines, Shire Publications, 2002.
  3. Bonnet, H., Farming with steam, Shire Publications, 1974.