Dampskipskanalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Dampskipskanalen var ein 280 meter lang kanalLillestrøm frå Nitelva inn mot jernbanestasjonen på sørsida av denne. Kanalen vart opna i 1862 nokre år etter at Hovudbanen vart opna til Lillestrøm. Den vart lagt att i 1927. I den tida den eksisterte vart den nytta både til tømmertransport og frå 1865 til dampskipstrafikk på Øyern. Ein hadde direkte overgang frå stasjonen til dampskipskaia.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dampskipskanalen (Lillestrøm) – lokalhistoriewiki.no», lokalhistoriewiki.no (på norsk bokmål), henta 8. august 2021