Damsgård hovudgard

Koordinatar: 60°22′59.97″N 5°18′7.6″E / 60.3833250°N 5.302111°E / 60.3833250; 5.302111
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Damsgård hovedgård)

60°22′59.97″N 5°18′7.6″E / 60.3833250°N 5.302111°E / 60.3833250; 5.302111

Damsgård hovudgard. Foto: Nina Aldin Thune
Del av Damsgaard med hovudgarden. Prospekt av Johan F. L. Dreier frå 1810

Damsgård hovudgard, eller på bokmål Damsgård hovedgård, ligg høgt og fritt med utsyn inn mot Bergen og Puddefjorden. Hovudgarden har gjeve namn til stroket Damsgård, som er ein del av Laksevåg bydel i Bergen kommune. Bygget er eit trebygg i rokokkostil, og er rekna som eit av dei rokokkobygga i Nord-Europa som er best teke vare på. Garden har ei lang historie. Garden låg i mellomalderen under Munkeliv kloster. Då heitte garden Hásteinar, eller høg stein. Truleg kom namnet av Damsgårdsfjellet.

Kong Frederik II gav rådmann Tønnes Klausson garden. Rådmannen fekk garden som takk for å ha utrusta eit krigsskip under den nordiske sjuårskrigen 1563-1570. Eigedomen fekk namnet Damsgård etter sonen og arvingen Dam Tønnesson. Hovudbygget vart i 1770-åra ombygd med rokokkofasade.

Den siste familien som budde i huset var Familien Janson. Desse flytta ut på 1970-talet. I 1983 vart eigedomen seld til Bergen kommune og Hordaland fylke. I sin tur overlét desse eigedomen til Vestlandske Kunstindustrimuseum. Hovudbygget vart freda, og anlegget vart etter restaurering opna som museum i 1993. Frå 2005 er hovudgarden ein del av Bymuseet i Bergen.

I tillegg til bygget er det eit hageanlegg. To hagar med mur kring er ført attende til stilen frå 1700-talet i Bergen.

Hovudgarden i Alvøen i Laksevåg er òg opna som museum.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Damsgård hovudgard